Norges Fjordhestlag har sendt ut følgjande høyringsbrev til våre lokallag:
Høyringsbrev, endring i BUF-statuttar
I styremøte 11.03.2024 vedtok Styret i Norges Fjordhestlag ein gjennomgang av reglementet for Beste Unge Fjordhest (BUF). BUF gjennomførast under NM Fjordhest, med tre stemneklassar per årgang. Per i dag er desse årgangane fjordhestar som er 4, 5 og 6 år gamle, der hoppar som har hatt føl kan få eit års utsetjing.
Teksten under er frå møtereferatet frå 11.03:
Sak 24/24 Styret i NFL ønskjer ein gjennomgang av BUF reglement etter innspel frå fleire hald i organisasjonen.
Styret i NFL ser at det er motstridande mål innan avl og sport ved at ein skal starte hestane ved 4 års alder og delta innan tre greiner. Samtidig er det eit ønskje å få unge inn i avl først og sporten etterkvart. Hestevelferd er eit viktig stikkord i denne diskusjonen, og vektlegging av korleis skape ein haldbar brukshest. Styret i NFL ønskjer at vi må ha ein høyringsprosess i organisasjonen, og utformar spørsmål til ei høyring i lokallaga og saksgang på dette utifrå innspel frå avls- og aktivitetsutval.
Styret sine tankar er at vi bør utsette første BUF klasse til 5 år, det vil sei forskyve aldersklassene med eit år. Det synest naturleg at ein likevel kan gje utsetting eit år til hopper som har hatt føl.
Konkrete endringar vi ønskjer å gjere avgrensar seg til å justere alderen på hestane som deltek i BUF. Det vil seie at det som i dag er BUF 4 år blir heitande BUF 5 år med dagens 4års-klassar (LC, utdanning presisjon og 60 cm sprang), BUF 5 år blir BUF 6 år og BUF 6 år blir BUF 7 år. Klassane blir dermed dei same som før, men eit år seinare, då nivåstigen på klassane har ei opptrapping som trappast opp mot nivået på andre samanlagte meisterskap. Dette skal føre til at hestar som har gjennomført BUF-stigen vil ha naturlege meisterskapsalternativ etter BUF-alder. Vi ønskjer heller ikkje å endre på bestemmingar for utsetjing.
Spørsmål 1: Vi ønskjer å forskyve alle årgangane med eit år, det vil seie at det blir 5-, 6- og 7-års BUF frå og med neste NM i 2025. Kom med innspel.
Spørsmål 2: Vi ønskjer framleis å behalde bestemminga som let hoppar som har hatt føl få eit års utsetjing. Kom med innspel.
Svar på høyringa bes sendast til post@fjordhest.no innan 20.11.2024
Mvh.
Styret, Norges Fjordhestlag