Norges Fjordhestlag har sendt ut følgjande høyringsbrev til lokallaga våre:
Revidering av avlsplan for fjordhest
Avlsplanen for fjordhest vart godkjent av Mattilsynet i 2022 og ny revidering står no for tur. Difor startar vi prosessen med ein fullstendig revisjon av planen som skal vere klar oversending Norsk Hestesenter og Mattilsynet 01.11. 2025. Avlsutvalet ønskjer ein høyringsprosess der medlemane får høve å kome med innspel. Som utgangspunkt sender vi nokre aktuelle og sentrale spørsmål no i november, som skal gje oss eit godt grunnlag i det vidare arbeidet. Gjennomgang av detaljar i avlsplanen som til dømes vekting av eigenskapar, skildring av rasen, bruksprøver o.l.
Samtidig håpar vi at medlemane kjem med innspel på andre punkt i avlsplanen som dei meiner må endrast. Arbeidsgruppa skal sjå på formatet av planen, og målet er eit kortare, brukarvenleg og oversiktleg dokument.
Høyringsfristen er sett til 31.01.2025. Arbeidsgruppa utarbeider eit framlegg etter å ha gått gjennom innspela som kjem inn frå fylkes-, distrikts- og lokallag. Styret i Norges fjordhestlag legg fram framlegget på årsmøtet i NFL som orienteringssak før det ev. vert gjort andre justeringar. Utkastet til revidert avlsplan sendast ut på ny høyring før den sendast til godkjenning.
Den reviderte avlsplanen skal gjelde frå og med 2026.
Her er aktuelle spørsmål som vi ønskjer tilbakemelding på:
- Er dagens raseskildring god nok? Skildrar vi ein god fjordhest med dagens formuleringar?
- Skal dagens vektlegging vidareførast eller justerast?
- Vurder vektinga av eigenskapar i avlsmålet. I dag har vi denne vektinga: Eksteriør 70%, brukseigenskapar 10%, lynne 10%, haldbarheit 10%
- Skal vi konkretisere formuleringane i avlsplanen og praktisere vekta heilheitskarakter? Kva eksteriøre trekk, helsedefektar, avteikn og temperament er diskvalifiserande ved kåring og premiering?
- Bør rettleiande kriterie for kåring og tildeling av premiegrad justerast og kva meiner de om forslaget om innføring av premiegraden godkjend på nytt for hopper?
- Bør lausmønstring av hingstane gjerast på ein annan måte? Det er vist til måten Danmark og Sverige gjennomfører lausmønstring på ved kåring, der ein avgrensar arealet og rammar inn hingstane i høveleg avstand av firkantsporet.
- Skal vi fortsette dagens praksis med UB for 4-åringar, eller for eksempel kåre 3-åringane for 2 år med tildelt kvote og kalle inn til UB som 5 åringar? Skal UB hingstane gjennomføre lausmønstring? Blir innkalling av 8 årshingstane unødvendig? Kva er eventuell høveleg kvote å gje 3 og 4 åringane?
- Kva kriterie skal gjelde ved kåring basert på stamme og/eller farge?
- Fjordhest har ein gjennomsnittleg innavlsgrad for hestar født dei siste fem år på 7,81. Det bør ikkje gjennomførast paringar som gjev ein innavlsgrad over 12,5, men kva tenkjer de om innavlsgraden er høgare?
- I avlsplanen er ønskjeleg storleik mellom 135 og 150 cm i stangmål mankehøgde. Korleis skal vi handtere storleik utover desse måla?
Beste helsing
Avlsutvalet i Norges Fjordhestlag
UB Hingster: Løsmønstring, JA. Kåre 3-åringer for 2 år, kalle inn til UB som 5-åringer. Høyde ut over ønskede mål- Kåre for 1 år og se om det blir flere avkom utenom ønskede mål, -og da evt. avkåre?