Norges Fjordhestlag har betalt ut 282 000 kroner i avlsstimulerande tilskot til hoppeeigarar og lokallag. Dette er den største utbetalinga nokon gong.

Norges Fjordhestlag arbeider for å auke talet fødde føl. Ein viktig del av dette arbeidet er å stimulere til avl ved å dele ut tilskot til hoppeeigarar og lokallag.

I år har Norges Fjordhestlag delt ut tre ulike midlar til hoppeeigarar: Transportstøtte til hopper med lang avstand til hingst, midlar til bruk av hingst med sjeldan stamme og midlar til bedekning av unge hopper. Totalt 75 hopper har fått tilskot.

I tillegg er det betalt ut støtte til lagshingst for ni ulike hingstar.

Oversikt over utbetalte midlar:

Tilskot Sats Antal Totalt
Transportstøtte 2500 7 17 500
Bruk av hingst med sjeldan stamme 1500 8 12 000
Bedekning av unge hopper 2500 65 162 500
Leige av lagshingst 10 000 9 90 000

Alle midlar blir betalt ut i veke 47. Dei som har fått avslag på søknaden sin får e-post om dette.

Foto: Ingvild N. Sveen