Norges Fjordhestlag har vedteke å endre aldersklassene for Beste unge fjordhest (BUF). Frå 2025 vil BUF-klassene vere for 5, 6 og 7 år gamle fjordhestar. 4-åringane vil framleis få premiering, men vil ikkje kunne starte samandrag med fleire greiner/klasser.
Med utgangspunkt i fleire tilbakemeldingar på at NM-programmet var for krevjande for 4-åringane, samt at ein har eit ynskje om at unge hestar vert brukt i avl, har Norges Fjordhestlag vurdert å forskyve BUF-klassene med eitt år frå 4-, 5- og 6-åringar til 5-, 6- og 7-åringar. I haust sendte vi dette endringsframlegget på høyring til lokallaga. Vi fekk svar frå åtte lokallag og fire enkeltmedlemmar, der to lokallag og eitt enkeltmedlem ønskte å behalde den gamle ordninga, medan resten ønskte å forskyve klassene med eitt år, frå 4-, 5- og 6-åringar til 5-, 6- og 7-åringar.
Styret i Norges Fjordhestlag vedtok i styremøte 12.12.24 å forskyve BUF-klassene med eitt år, og klassene ser difor slik ut frå 2025:
BUF 5 år: Dressurriding LC:3, presisjonskøyring utdanning og sprangriding 60 cm.
BUF 6 år: Dressurriding LB:5, presisjonskøyring lett og sprangriding 70 cm.
BUF 7 år: Dressurriding LA:2, presisjonskøyring lett, sprangriding 80 cm.
Vi oppmodar folk til å utdanne fjordhestane sine frå ung alder, men ynskjer at det skal vere større rom for å ta dette i det tempoet som passar best for kvar enkelt hest. Vi ser at ved å ha eit samandrag med fleire greiner for 4-åringane, kan det føre til at enkelte legg for stort press på hestane sine. Vi vil difor berre premiere 4-åringar i enkeltklasser og ikkje i samandrag, og oppmodar alle til å vurdere kva sin hest er klar for.
Alle 4-åringar vil få deltakarsløyfe i klassene dressurriding LC:3, presisjonskøyring utdanning og sprangriding 60 cm, og det vil også bli gitt premie til beste 4-åring i desse enkeltklassene. Denne premieringa er ikkje ein del av BUF-samandraga, og det vert følgjeleg ikkje gitt premie til oppdrettar eller vere teljande for foreldra mtp BUF-avkomspremie.
Det er viktig at flest mogleg hestar vert nytta i avlen, helst frå ung alder. For å legge til rette for at det skal vere mogleg å få føl på hoppene, kan hopper som har hatt føl som 4-7-åringar starte samandraget for ein årgang under sin alder. Ein kan ikkje starte fleire gongar i same årgangsklasse.
Dei hestane som har starta BUF under dei gamle reglane, vil kunne starte etter dei nye i år sjølv om dei då konkurrerer på same klassenivå.
Vi håper medlemmane våre er positive til dei nye endringane i BUF-reglementet, og håpar på å sjå mange unghestar til start på NM til sommaren!
Styret i Norges Fjordhestlag