Norges Fjordhestlag har etter søknad delt ut 289.334 kr i Frifond-midlar til sju lokal- og fylkeslag.

Alle laga får kr. 5000 i driftsstønad, og midlar til prosjekt varierer ut i frå søknad. Norges Fjordhestlag er glad vi oppfyller krava frå Frifond-ordninga for tildeling, og minner om at alle lag må ha fokus på betalanade ungdoms- og Barnas Fjordhestlag-medlemmer slik at vi har nok teljande medlemmar i åra framover. Vi ynskjer laga lukke til med aktivitetane, og håper at midlane kjem godt med.

Lag tildelt driftsstøtte og prosjektmidlar til barn og unge:

Dalsfjorden og Ytre Sogn Fjordhestlag: 30.000 kr
Eid Fjordhestlag: 47.623 kr
Midtre Nordfjord Fjordhestlag: 35.000 kr
Osterøy Fjordhestlag: 47.000 kr
Øvre Buskerud Fjordhestlag: 47.622 kr
Naustdal og Vevring Fjordhestlag: 20.000 kr
Indre Nordmør Fjordhestlag: 47.622 kr