Fjordhesten har fem fargar – brunblakk, raudblakk, ulsblakk, gulblakk og grå. Kva gener er det som bestemmer kva farge ein hest får? Norges Fjordhestlag inviterer til webinar om fjordhesten sine fargar.
Webinaret blir halde av Siri Furre. Siri Furre har doktorgrad i hesteavl fra NMBU, og har arbeidd som seniorrådgjevar hos Norsk Hestesenter med fokus på dei nasjonale hesterasane. Ho har også vore leiar i avlsutvalet i Norsk Varmblod.
Tidspunkt: 19. mars kl. 19.00
Stad: TEAMS
Påmeldingsfrist: 17. mars
Webinaret er ope for alle. Lenkje til webinaret vil bli sendt ut på e-post dagen før.
Påmeldingsskjema finn du her.
Velkomen!