Oppdrettarseminar på Norsk Fjordhestsenter 28. februar – 2.mars 2025
Norsk Fjordhestsenter og Norges Fjordhestlag ønskjer velkomen til spennande kursdagar med fokus på avl, helse, hestevelferd og treningsopplegg. Vi håpar at oppdrettarkonferansen skal engasjere hesteinteresserte frå heile landet til å delta, og gje ei vitamininnsprøyting i forkant av årets avls-, utstillings- og konkurransesesong.
Flinke foredragshaldarar skal gje oss god oppdatering på fleire felt.
Det å ha hingst i avlsteneste krev kunnskap på mange område. Hingst og hoppe sine instinkt og si adferd, foring og trening er viktige tema å ha kunnskap om. Hingstehaldar med lang røynsle og god kompetanse vil dele sin kunnskap med oss. I tillegg informerer avlsutvalet om kva ei kontrakt mellom hingsteeigar og lag må innehalde som er med å regulere samarbeidet. Avlsplan og høyringa, samling av unghestar, lausmønstring og tospannkøyring er tema. Markering av samarbeidsavtalen med Agria.
Set av helga på Nordfjordeid og få med deg nyttig informasjon om blant anna dette temaet og andre dagsaktuell hestetema. Vi oppmodar flest mulig til å stille fysisk, men for dei som ikkje har høve er det mogleg å delta digitalt på teoridelene.
Arrangementet er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk Fjordhestsenter og Norges Fjordhestlag.
Program for konferansen
Fredag
17.00: Opning og registrering
17.15-20.00: Lausmønstring av unghestar. Vi prøvar ut alternativ måte med inngjerding med band på eit rundspor der hesteeigar/ansvarleg sjølv driv hesten rundt og viser gangart alt etter kva dommarane/ instruktør vil sjå. Vurdering av gangartar og fokus på eksteriør.
Laurdag
9.00-10.00: Markering av ny samarbeidsavtale mellom Agria og Norges Fjordhestlag. Fagleg innlegg ved AGRIA. Info om forsikringsavtale på avlshingstar.
10.15-11.15: Hingsten i avlsteneste – kva treng vi å vite om instinkt, handtering, rutiner, foring og trening. Ved hingstehaldar og veterinær Anders Sæther Moen. Erfaringar frå Sikkilsdalen ved leiar i kåringsnemnda Vibeke Edvardsdal.
11:15-11:45: Kva bør ei kontrakt innehalde som regulerer samarbeid mellom eigar av hestar og lokallaga. Ved avlsutvalet i NFL.
11:45- 12.30: Hestevelferd. Ved Norsk Hestesenter og NFL.
12.30-13.30: Lunsj
13.30-14.30: Revidering av avlsplanen for Fjordhest. Ved avlsutvalet og styret i NFL.
14.45 -17.00: Vektlegging på potensialet til unghestar. Ei samling av unghestar blir vurderte i ridehallen med omsyn til eksteriør og utviklingsstadium. Førebuing av 2 hestar til tospannkøyring. Ved Marie T. Natten.
17.00- 18.00: Nytt fagsystem ved Norsk Hestesenter- kva muligheiter tilfører det avlsarbeidet. Ved Norsk Hestesenter.
Søndag
9.00-10.00: Tospannkøyring. Ved Marie T. Natten.
10.00-11.00: Praktiske tiltak for å betre drektigheitsresultatet. Vet. Anders Sæther Moen. Kva kan raseorganisasjonen bidra med i rådgjevingsarbeidet. Ved avlsutvalet.
11:15- 12:30: Kva rutiner for veterinærsjekkar bør vi ha for unghestane våre i sport og avl med tanke på god hestevelferd og førebygging. Ved Anders Sæther Moen og Vibeke Edvardsdal.
13.00: Lunsj, evaluering og avslutning.
For nærare informasjon ta kontakt med Norsk Fjordhestsenter 578 64 800 eller på post@norsk-fjordhestsenter.no. Dersom du ønskjer å ha med deg eigen hest på kurset, ber vi deg ta kontakt med Norsk Fjordhestsenter.
Pris for deltaking er kr. 1200 inkludert lunsj laurdag og søndag. Studentpris kr. 1000. Pris for digital deltaking på teoridelen kr. 450.
Påmeldingsskjema finn du her.
Velkomen til ei triveleg og interessant kurshelg!
Vi tek atterhald for at det kan oppstå endringar i programmet.