I høve Eid Fjordhestlag sitt 100-års jubileum inviterer Norges Fjordhestlag og Eid Fjordhestlag til showklasser for eitt- og to-årshingstar, samt eldre, premierte hingstar fredag 2. mai.

 

Showklasse for 1- og 2-årshingstar

Det blir uoffisiell showklasse for eitt- og toårshingstar fredag 2. mai. Hingstane får omtale og blir rangerte. Flotte gåvepremiar til dei beste!

LENKJE TIL PÅMELDING

Showklasse for eldre, premierte hingstar

Norges Fjordhestlag  og Eid Fjordhestlag ønskjer å invitere alle premierte hingstar til ei showklasse. Mange av dei har ikkje har vore viste på utstilling på fleire år. Det hadde vore flott å vise fram desse hingstane. Mange har markert seg i avl og sport, og eit gjensyn under eit jubileum som i år hadde vore svært gledeleg.

Showklassa blir open og hingstane som deltek får eksteriørbedømming og omtale. Hingstane blir rangerte, og den beste er med og kjempar om tittelen «Dagens Hest». Arrangøren har sett opp flotte gåvepremiar i klassen. Vurderinga av hingstane medfører ikkje endring av premiegrad.

LENKJE TIL PÅMELDING