Ein god ven for oss i hestemiljøet, Tor Nestaas er død.

Tor døde 3 veker før han skulle fylle 83 år, etter nokre månaders sjukdom. Han var generelt hesteinteressert, men mest engasjert var han nok i travsporten og fjordhesten.

Tor vaks opp i Fana, men slekta var frå Voss. Tor jobba i mange år på stambokkontoret, under statskonsulent Arve Rolstad. I tida på stambok kontoret var han til stades på utallige utstillingar og rundt omring i landet.Tor hadde ein særskilt kjærleik til fjordhesten. Han fekk etter kvart mange venner innanfor fjordhestmiljøet både her heime og i utlandet. Ein lang periode reiste han årleg til Danmark å besøkte sine gode venner Vibeke og Søren Juellund (Halsnæs oppdrettet). Då var han med dei rundt omkring på skue og utstillingar.

I 1975 starta fjordhestlaget medlemsbladet «Fjordhesten». Heilt frå starten av, var Tor aktiv skribent. Han var flink å formulere seg, både skriftleg og muntleg Dei ulike redaktørane for medlemsbladet «Fjordhesten» visste kven dei skulle spørje når dei skulle ha stoff om utstillingar, avlshistorie, avlsstatistikk mm. Det er ikkje få artiklar Tor har bidrege med til bladet.

Av meir omfattande arbeid kan nemnast Tor si bok frå 2010 om « Fjordhesten gjennom tidene – Norges Fjordhestlag» og serien om Norges Fjordhestlag til «Fjordhesten» i 2019 i samband med laget sitt 70 års jubileum. Elles skreiv han fleire fagartiklar på engelsk til «Den internasjonale dommarhandboka».

Tor fungerte i mange år, som speaker både på utstillingar og ved «Fjordhest NM». Han var alltid godt førebudd, som ein god speaker skal vere, og han hadde ei god og behagelege mikrofonstemme. For øvrig var Tor svært motivert for å bidra ved «Fjordhest NM». Han såg kor viktig det var at Norges Fjordhestlag fokuserte på bruk og ikkje berre på avl og framfor alt at dette var ein aktivitet som appellerte til dei yngre.

Norges Fjordhestlag sette pris på Tor sin store innsats for fjordhesten og i 2002 vart han utnemnt til æresmedlem.

Tor var svært kunnskapsrik og fagleg interessert. For meg var Tor ein god ven å samtale med. Takk Tor!

Karl Vie