På grunn av få startande i enkelte klasser ser aktivitetsutvalet seg nøydd til å avlyse enkelte meisterskap og å slå saman nokre meisterskap for junior og senior.
Som følgje av at det norske konkurransereglementet krev minst tre startande i meisterskap, utgår NM-lag 2025. Der var berre to melde lag i år. Nordisk junior dressur vert slått saman med nordisk senior dressur, på grunn av berre to melde juniorar. Juniorane rir sine eigne program, og tek med seg sine prosentresultat inn i ei felles rangering saman med seniorane.Nordisk allround vert også ei samanslått klasse med både senior og juniorryttarar, som konkurrerer på juniorane sitt klassenivå. Nordisk junior køyring utgår, då denne klassen ikkje fekk nokon påmelde. Sjølv om det berre er meldt norske lag i Nordisk-lag, så vil denne konkurransen gå – ettersom det er tre lag meldt.