Norges Fjordhestlag, Landslaget for Dølahest og Landslaget for nordlandshest/lyngshest ynskjer alle sine medlemmer hjarteleg velkomne til felles
HAUSTMØTE 2025
Scandic Hell
31. oktober-2. november
Programmet er under utarbeiding, men vi lovar at uansett kva for ein av rasane du har, og om du driv med avl, sport eller anna bruk så vil du finne programpostar som er nyttige for deg og din hest.
Fredag og laurdag vil det bli felles program for alle tre rasane, og laurdag kveld vert det rigga for 3-retters festmiddag. Søndag er sett av til rasespesifikk del.
Vi har i år fått prosjektmidlar frå Landbruks- og matdepartementet, noko som gjer at det vil bli redusert pris for deltaking, samt at vi har leigd inn nokre ekstra gode foredragshaldarar. Vi kan røpe at vi mellom anna har ein veterinær, ein forskar og ein tradisjonsbrukar av hest på lista.
Meir informasjon om program og påmelding vil bli publisert seinare i sommar. Følg med på våre nettsider for oppdateringar: www.fjordhest.no – www.dolahesten.no – www.rimfakse.no.
Set av datoen allereie no, og gle deg til årets Haustmøte!