av Asle Espe
Norges Fjordhestlag var invitert til Nederland i høve 70 årsjubileet til den eldste av dei to foreininga der, og frå Norge var vi totalt 7 personar som reiste: Erhard Martin, Hege og Anders Sæther Moen, Olaug og Jodvar Herheim, Grethe og Asle Espe, der Asle, Jodvar og Hege nytta turen til arbeid med det internasjonale prosjektet NFL har fått midlar for å jobbe med i 2025-2027.
Hesteanlegget jubileet vart arrangert på var Hippish Centrum Flevodrome i Dronten, og det var eit imponerande anlegg med to ridehus med stort publikumområde imellom og gode fasilitetar ute for riding og køyring. Framifrå anlegg med stallar og gode tur fasilitetar.
Aktivitetane denne dagen var klinikkar i dressurriding, køyring, miljøløyper, agility, 4 kamp og andre helserelaterte aktivitetar. Totalt var det nærare 70 fjordhestar som deltok, og vi fekk eit godt grunnlag for vurdering av deira fjordhest populasjonen . Avlarane i Nederland har vore flinke til å ta vare på fjordhestfargane. Det var interessant å sjå nyansane frå lyse til mørke på grå og brunblakke, og mykje meir nyansar enn vi har klart å ta vare på i Norge. Mange fjordhestar med godt uttrykk, langlagde med god muskelsetnad og litt meir lågstilte enn hjå oss. God beinkvalitet og gode høver. Storleiken på hestane er godt innan kravet for ponny under 148 cm. Det er totalt 9 000 fjordhestar i Nederland og hesten er allsidig brukt som i Norge. Vêrforholda i Nederland er gunstig for utegang gjennom store delar av året, og kanskje grunnen for at vi ser fleire større besetningar med fjordhestar her enn heime i Norge.
På jubileumsmiddagen på kvelden blei 70-års jubilanten heidra og frå Belgia, Tyskland og Norge vart det overrekt blomar og helsingar. NFL fekk informert om det prosjektet vi har fått midlar til om internasjonalt arbeid med omsyn til tettare samarbeid, avlsplan og hesteregister. Nederland er invitert til internasjonal dommarkonferanse på Nordfjordeid 14.-16.november i år ilag med Sverige, Belgia, Austerrike og Tyskland. Representantane frå prosjektgruppa for det internasjonale arbeidet i NFL hadde en fin dialog med det nye styret i Nederland og Tyskland, og dette besøket var eit godt utgangspunkt i oppstarten av vårt 3 årige prosjekt. Norge er moderlandet for fjordhest og med det føl det både rettar og plikter, og det er verkeleg interessant å kome ut og vi er takknemlege for mottakinga.

Dressuroppvisning med ein grå fjordhest

Miljøløype

Nokre av dei norske deltakarane. Frå venstre: Asle Espe, Jodvar Herheim, Hege Sæther Moen, Anders Sæther Moen, Erhard Martin.