Dei aller fleste hestar får ulvetenner; tenner utan funksjon, men som likevel kan skape mykje ubehag og smerter for hesten når vi brukar bitt. Kvifor er det så viktig at vi fjernar ulvetennene?
Byline: Ingvild Rydjord Hansen
Denne artikkelen var først publisert i «Fjordhesten» nr. 01-2024
Ulvetann er namnet på ei tann som kjem ut mellom hesten sine framtenner og jekslar. Hestar kan få totalt fire ulvetenner; to i overkjeven og to i underkjeven. Nokre hestar får alle fire, men det er mest vanleg at dei berre får ulvetenner i overkjeven. I det same området i munnen kan hesten også få såkalla hingstetenner. Hingstetanna kjem i mellom ulvetanna og framtennene.
På same måte som visdomstenner hos oss menneske, har ikkje ulvetanna nokon funksjon. Det er likevel svært viktig å fjerne dei, fordi viss vi brukar bitt på ein hest som har ulvetenner kan dette gje store smerter og skader på dei andre tennene.

Ulvetenner er små tenner som veks ut forran hesten sine jekslar
Må fjernast før ein brukar bitt
Veterinær og hesteodontolog Linn Anett Hillestad tilrår alle å vente med å bruke bitt på hesten til ein har fjerna ulvetennene. Ho har sett mykje skader og slitasje på jekslar som følge av at folk brukar bitt på hestane sine før dei har fjerna ulvetennene. «Ulvetennene har blodkar og nerver som alle andre tenner. Dei er svært følsame, og mange hestar som ikkje har fått fjerna dei, flyttar bittet vekk frå ulvetennene med tunga. Dette fører til skade og slitasje på jekslane» fortel Hillestad.
Før var det meir vanleg å sjå om hestane vart plaga av ulvetennene før ein eventuelt fjerna dei, men praksis i dag er at ulvetenner vert fjerna på alle hestar der dei dukkar opp. «Hestane viser det ikkje alltid når dei har eit problem i munnen, og difor er det tryggast å alltid fjerne ulvetenner for å hindre smerter og slitasje på dei andre tennene» seier Hillestad. Byrjar ein med bitt før ulvetennene er fjerna, kan ein også risikere at hesten legg seg til uvanar som er vanskeleg å plukke av dei også etter at ulvetennene er fjerna.
Kan fjernast frå 8 månaders alder
Hillestad tilrår at alle åringar får ein grundig sjekk av tenner før ein startar tilvenning av bitt. Ulvetenner kan fjernast allereie frå om lag 8 månader, så framt dei har kome ut. Har du ikkje fått trekt ulvetennene før åringen din skal på unghestskue, tilrår ho at du viser hesten i grime og ventar med bitt.
«Du kan enkelt kjenne sjølv om hesten din har fått ulvetenner» seier Hillestad. «Legg tommelen din inn mellom framtenner og jekslar, og kjenn etter ei tann eller ein kul i dette området. Så fort du kan kjenne ulvetennene på denne måten kan dei fjernast, dei treng ikkje å ha vokse heilt ut.»

Hestemunnen etter trekking av ulvetenner

Storleiken på ulvetennene kan variere frå hest til hest
Regelmessige undersøkingar
På unghestar skjer det veldig mykje i munnen på kort tid. Her rår veterinæren oss til å tenke forebyggande, i staden for brannslokking når eit problem først har oppstått. «Unghestar bør få ein sjekk av tennene kvar 6.-9. månad.» seier Hillestad. «Hesten sin munn er ikkje utvekst før hesten er 6-7 år, så fram til dette bør ein ha regelmessige undersøkingar av munnhola».
Hillestad har sett mange unghestar som har problem med tennene. Dette skuldast anten bittbruk, eller for sjeldne undersøkinga av munnhola, slik at ein ikkje får stoppa problem tidleg. «Det som kan ta fleire år å utvikle seg til eit problem på ein vaksen hest kan ta berre få månader på ein unghest. Hesten kan få permanente problem som er vanskeleg å rette opp i viss vi ikkje sjekkar tennene ofte nok» seier ho.
Hesten har i utgangspunktet ikkje plass til eit bitt i munnen i tillegg til tunge og tenner. Alt vi puttar inn i munnen vil difor legge press på vevet rundt. «Hesten sin munn er eigentleg ikkje designa til å ha eit bitt i seg, så det minste vi kan gjere er å sørgje for at bittet passar, og legge til rette for at det skal vere behageleg for hesten ved å mellom anna fjerne ulvetennene» seier Hillestad.
Eit enkelt inngrep
Når ein skal fjerne ulvetenner vert hesten sedert og får lokalbedøving. Veterinæren nyttar deretter eit spesialreiskap for å lausne ligamenta som festar tennene til beinet. Ligamenta er sterkare enn tanna, og har ein ikkje riktig teknikk kan heile tanna knekke. Får ein då ikkje ut alt, vil dette kunne gje hesten mykje ubehag i ettertid. Å fjerne ulvetenner handlar altså ikkje om rå styrke, men om teknikk og «lirking og luring».
Storleiken på ulvetennene varierer veldig frå hest til hest, og Hillestad fortel at ho har brukt alt frå 30 sekund til halvannan time på å fjerne ei ulvetann. Det er enklare å fjerne ulvetenner jo yngre hesten er. «Jo eldre hesten blir, jo meir utvikla blir tanna og jo sterkare blir ligamenta. Også bittbruk gjer at ligamenta på ulvetennene blir sterkare» fortel ho.
Hillestad har vore borti mange tilfelle av at ulvetennene har knekt i munnen på hesten fordi ein har byrja å bruke bitt før dei er fjerna. «Då må ein ha eit mykje større inngrep enn det som hadde vore naudsynt dersom ein fjerna ulvetennene først».
.

Foto: Privat
Denne artikkelen er skrive i samarbeid med veterinær og hesteodontolog Linn Anett Hillestad. Linn Anett er ein av berre tre veterinærar i Noreg som har tilleggsutdanning som hesteodontolog – hestetannlege -, ei utdanning der det vert stilt store krav til praksis før du får lov til å ta eksamen.
Linn Anett valde å utdanne seg til veterinær fordi ho er veldig glad i dyr. Den store interessa for tenner kom etter at ho var utdanna, og innsåg kor mange hestar som er plaga med smerter i tenner og kjeve men ikkje klarer å seie i frå om dette. I veterinærutdanninga lærer ein lite om tenner, og difor har Linn vald å ta den omfattande etterutdanninga som hesteodontolog.
Linn Anett er busett i Volda, og reiser rundt på heile nordvestlandet for å behandle hestetenner. I tillegg til veterinær er ho også utdanna veterinærkiropraktor og snart ferdig utdanna osteopat, og kan difor behandle hestar for mange ulike skader og plager.

