Tidlegare leiar i Norges Fjordhestlag, Magne Hus er død.
Norges Fjordhestlag og Norsk Fjordhestsenter fekk den triste bodskapen om at Magne Hus gjekk bort onsdag 29. oktober. Magne vart fødd i 1942, og vart såleis 83 år gammal. Heimstaden hans var Hus i Kinsarvik, og her budde han nær heile sitt liv. Han var ein samfunnsengasjert mann og bidrog på mange ulike område i samfunnet innan jordbruk, anna næringsverksemd og organisasjonsarbeid som til dømes landbrukssamvirke og avlsorganisasjonar. Han sette store krav til seg sjølv når han tok på seg ei oppgåve, og likeins til dei han samarbeidde med. Flink til å sette ting i gang med gode fristar fram i tid, erfarte vi likevel att tida kunne bli vel knapp når datoen nærma seg.
Då han blei leiar i Norges Fjordhestlag i 2001 var økonomien i laget svak, og Magne sette seg strategiske mål om at dette skulle rettast på. Målet var at Norges Fjordhestlag skulle ha ein halv million på bok, og det klarte han med glans i løpet av si styringstid. Han sette i gang nye prosjekt med økonomisk stønad frå ulike støtteordningar frå det private og det offentlege, og fleire tiltak vart gjennomførte. Seminstasjon på Nordfjordeid vedtatt bygd i 2003 og offisielt opna under hingsteutstillinga i 2007. Arbeidet med ei offisiell handbok for Fjordhestdommarar i regi Fjordhorse International var klar i 2003, og då den var ferdig vart det ei staseleg markering på garden Fosnes i Stryn, staden der matadoren Njål 166 var fødd.
Mange bokverk vart realisert i Magne sin styringsperiode, og vi kan nemne Brukshandbok for Fjordhest i 2002, Bok om fjordhesten i 2003. I tillegg vart Sertifiseringsordning for hest og kusk etablert i 2003, og som er ei viktig ordning driven av Norsk hestesenter også i dag. Mange prosjekt som gagna organisasjonen Norges Fjordhestlag, Norsk Fjordhestsenter og Fjordhestrasen. Hestane betydde mykje for Magne, og av dei kan vi nemne den flotte hingsten Lidaren med 1.premie for eksteriør og avkom og far til Gråmann, og hoppa Lydia Hus.
Det vil bli eit stort tomrom etter Magne og våre tankar går til kona Synneva og familien. Fred over minnet.
Asle Espe

Magne Hus og kona Synneva. Foto: Privat

