Norges Fjordhestlag har etter søknad delt ut 303 865 kr i Frifond-midlar til elleve lokal- og fylkeslag.
Norges Fjordhestlag er svært glade for at vi både har fått ein rekordhøg sum i Frifond-midlar frå LNU, og at vi har rekordhøgt søkartal frå lokallaga i år. Vi er glade for at vi oppfyller krava til Frifond-ordninga for tildeling, og minner om at alle lag må ha fokus på betalande ungdoms- og Barnas Fjordhestlag-medlemmer slik at vi har nok teljande medlemmar i åra framover også.
Alle laga som har fått innvilga støtte har fått 5000 kr i driftsstønad, og midlar til prosjekt er tildelt ut i frå søknad. Summen i lista under er totale midlar til både drift og prosjekt. Vi ynskjer laga lukke til med aktivitetane, og håper midlane kjem godt med.
Vi oppmodar også laga til å sende inn bilete og tekst frå arrangementa som vi kan dele i medlemsblad og sosiale media.
Desse laga er tildelt Frifond-midlar i 2025:
Dalsfjorden og Ytre Sogn Fjordhestlag: 30.195 kr
Eid Fjordhestlag: 30.195 kr
Midtre Nordfjord Fjordhestlag: 30.195 kr
Osterøy Fjordhestlag: 30.195 kr
Øvre Buskerud Fjordhestlag: 30.195 kr
Naustdal og Vevring Fjordhestlag: 30.195 kr
Indre Nordmør Fjordhestlag: 30.195 kr
Midthordland Fjordhestlag: 20.000 kr
Oslo og Akershus Fjordhestlag: 30.000 kr
Vestfold Fjordhestlag: 28.500 kr
Førde Fjordhestlag: 14.000 kr


Ei kjekk kombnert jule og nyttårsgåve vi fekk nyttårsafta.