Avlsplanen for fjordhest har gått igjennom fleire endringar i både format og innhald. Den reviderte versjonen er gjeldande frå 1. januar 2026. Her kan du lese om dei viktigaste endringane. 

Styret og avlsutvalet i Norges Fjordhestlag har i 2025 arbeidd med revidering av avlsplanen. Avlsplanen skal reviderast kvart fjerde år. Denne gongen har avlsplanen gått igjennom ei større endring enn vanleg, då vi har gått over til eit nytt format. Det nye formatet vil gje ein kortare, meir brukarvenleg og oversiktleg avlsplan som forhåpentlegvis vert enklare å orientere seg i for både dommarar og andre.

Avlsplanen har vore sendt ut på høyring to gongar i denne revideringsprosessen. I den første høyringsrunda var det høve til å kome med innspel på alle punkt. Vi fekk inn 26 svar frå 22 lokallag, tre privatpersonar og Norsk Hestesenter. I andre høyringsrunde var det høve til å gje tilbakemelding på konkrete spørsmål, i tillegg til å kommentere formuleringar og uklarheiter. Vi fekk inn 24 svar frå 17 lokallag, seks privatpersonar og Norsk Hestesenter. Avlsplanen vart også sendt ut til alle fjordhestdommarar i siste høyringsrunde.

Endringane i avlsplanen er resultatet av ein demokratisk prosess, der høyringssvara har vore styrande for dei endringane som er gjort.

Dette er dei viktigaste endringane i avlsplanen:

Endringar som gjeld hingstar:

  • Hingstar får avlsgodkjenning på to år etter første gongs individdøming.
  • Utvida bruksprøve kan gjennomførast tidlegast året etter kåring, men det er inga siste grense for når den kan gjennomførast.
  • Hingsten kan ikkje verke i avl viss ikkje utvida bruksprøve er gjennomført før avlsgodkjenninga på to år går ut.

Generelle endringar:

  • Ordet lynne er endra til åtferd. Dette skildrar betre kva vi faktisk dømmer.
  • Åtferd, helse og bruksprøver vert dømt som godkjent eller ikkje godkjent, og ikkje med karakterar som tidlegare.
  • Det er eksteriørkarakter som bestemmer premiegraden, og det er sett opp faste minimumsgrenser for dei ulike premiegradane.
  • Kriterie for tildeling av avkomspremie er presisert.
  • Vaksne hopper og vallakar som ikkje viser/ikkje får godkjent bruksprøve på utstilling kan tildelast sløyfe på lik linje med unghestar.

Avlspolitisk:

  • Hingstar får ei livstidskvote på 70 bedekningar. Halve livstidskvota vert tildelt ved første gongs kåring, og resten av kvota vert tildelt når hingsten har gjennomført godkjent utvida bruksprøve.
  • Norges Fjordhestlag kan innvilge tilleggskvotar etter søknad ved spesielle høve (til dømes sjukdom i bedekningssesongen).
  • Norges Fjordhstlag kan nytte indivituelle hoppekvotar dersom dette er naudsynt for å avgrense innavlsauken i populasjonen.
  • Det er utarbeidd retningslinjer for kåring med vekt på stamme.

Den oppdaterte avlsplanen i si heilheit kan du lese under fana Avl og utstilling – Avlsplan.