Landsfinalen for unghopper vert i år arrangert på jubileumsustillinga på Forus 18. august i samband med 100-årsjubileet til Jæren Fjordhestlag.
Formålet med Landsfinalen for unghopper er å få samla dei aller beste hoppene og gjere stas på oppdrettarar og utstillarar. Å samle det beste frå ein årgang på same plass gir ei god oversikt over avlen, og det er kjekt for både dommarar, avlarar og andre fjordhestinteresserte å sjå. Vi gler oss til å sjå kremen av unge fjordhopper på Forus!
Alle hopper som har fått sløyfe er kvalifiserte til årets landsfinale. Det vert arrangert offisielle unghestklasser same dag som landsfinalen, slik at ein kan kvalifisere seg der om ein ikkje allereie er kvalifisert.
Fristen for påmelding er 28. juli. Vår hovudsponsor, St. Hippolyt, stiller med gåvepremiar, dekken og sløyfer til vinnarane. Alle som kjem med unghest får invitasjon til å melde seg på jubileumsmiddagen laurdag kveld.
Påmelding til landsfinalen skjer via www.hesteutstilling.no. Dei som skal stille i landsfinalen melder til vanlege unghestklasser i påmeldingsskjemaet.