I 1949 vart det oppretta eit minnefond i namnet til statskonsulent og fjordhestmann Jens Nordang. Pengane i fondet skulle gå til fremjing av fjordhestalet og no, over 70 år seinare, deler fondet framleis ut pokal på kvar hingsteutstilling.
Denne saka vart opphavleg publisert i medlemsbladet «Fjordhesten» nr 02-2018.
Jens Nordang vart fødd i Nordangsdalen på Sunnmøre i 1879. Han tok veterinæreksamen i København i 1907, og arbeidde deretter som veterinær i Trondheim og distriktsveterinær i Strinda. I 1922 vart han tilsett som statskonsulent for vestlandet, og frå 1927 vart han fjordhesten sin eigen statskonsulent med ansvar for fjordhestavlen i heile landet sør for Nordland.

Jens Nordang, avbilda på statsutstilling i Stryn i 1943. Foto frå ”Fjordhesten” av Olav Karstad.
Då Jens Nordang tok til som statskonsulent var det vanskeleg å selje hest og prisane var svært låge. Mange av hingstane på vestlandet tilfredsstilte ikkje Nordang sine krav, og han la stor vekt på å forbetre fjordhesten. Han ville få vekk feil ein ofte såg på beina, som for eksempel små ledd, kuhasa bakføter og franskstilte framføter. I tillegg ynskte han at fjordhesten skulle ha eit godt midtstykke, kort rygg, godt muskelsett lend og jamn, fin overgang til krysset.
I 1925 kom Nordang med eit framlegg om at ordninga med stats- og fylkeshingstar skulle avviklast til fordel for tilskot til hestealslaga til innkjøp og fôring av hingstar. Dette fekk han støtte for i Stortinget og i fleire fylkesting. Denne omlegginga av hingstehaldet førte til ei auka interesse for skiping av nye hestealslag. Ein anna ting Nordang hadde fokus på, var å arrangere unghest- og kåringssjå. Som styrar på sjåa fekk han sjå hestane som fantes rundt om på vestlandet, og han fekk gjort seg opp eit inntrykk av korleis situasjonen var i fjordhestavlen. I tillegg til å sjå hesten fekk han også treffe fjordhestfolket, og gje dei råd om avlsarbeid, stell og fôring.
Jens Nordang fekk etter kvart ein uvanleg sterk autoritet, og folk sette stor pris på det arbeidet han gjorde for fjordhesten. Han fekk Hans Majestet Kongens fortenestemedalje i gull, samt landbruksselskapa si gullmedalje for sitt viktige arbeid for fjordhesten.
Nordang var ein godt likt statskonsulent, og då han gjekk av i 1944 vart det oppretta eit minnefond i hans namn, som ei heidersgåve i takksemd for det viktige arbeidet han la ned for fjordhesten. Fondet vart skipa med eit eige styre i 1949.
Styret i Nordangs minnefond vert vald av årsmøtet i Norges Fjordhestlag. Avkastninga frå fondet skal, i følgje vedtektene, «nyttast til fremjing av fjordhestalet på den måten som styret for fondet finn mest tenleg». Gjennom dei snart 70 åra som fondet har eksistert har dei gitt pengar til mange gode tiltak for fjordhesten. Det har vorte gitt midlar til konkrete prosjekt som bøker og reklameskrift om fjordhesten og tilskot til fraktutlegg ved hesteeksport, samt midlar til Norges Fjordhestlag. Det vart i mange år gitt pengar øyremerka medlemsbladet «Fjordhesten». Fondet har også gitt pokalar og ekstrapremiar til mange utstillingar.
I 1977 vedtok styret i minnefondet å dele ut ein årleg pokal til den treårshingsten som syner dei beste brukseigenskapane på hingsteutstillinga på Nordfjordeid. Denne pokalen har vorte delte ut kvart år sidan, og fekk etter kvart tittelen «Best i laget, best i draget».
På grunn av låg rente har ikkje fondet dei siste åra hatt avkastning av betydning. Sist gong det vart gitt midlar til anna enn den faste pokalen var i 2004. Dei frie midlane vart då overført til Norges Fjordhestlag, til utgjeving av eit påbegynt bokverk om historia til fjordhesten.
Per Aksel Birkeland har vore leiar i Nordangs Minnefond sidan 2012. Han meiner det er viktig at fondet vert oppretthaldt, og at kunnskapen om Jens Nordang sitt arbeid for fjordhesten går vidare til den nye generasjonen fjordhestfolk. Årsmøtet til fondet er idag berre ein formalitet, då fondet har så lite avkastning at det ikkje ein gong dekker utgiftene til den faste pokalen. Likevel vert møtet gjennomført, og referat vert ført i den same møteboka som Nordang sjølv signerte i då han var leiar av fondet.
Jens Nordang gjorde ein stor innsats for fjordhesten i sine år som statskonsulent. Dei som avla fjordhest hadde tillit til han, og høyrde på dei råda han kom med. Han hadde nok tida med seg i sin innsats for fjordhesten, men det er ingen tvil om at det arbeidet han la ned var viktig og førte til positiv utvikling for fjordhesten.
Jens Nordang døydde 5. november 1954, og vart gravlagd på Sæbø kyrkjegard. Gjennom minnefondet lev namnet og arbeidet hans vidare.

Frå utstilling på Sandane i 1941. Frå venstre: A. P. Myklebust, distriktsveterinær Målnes, statskonsulent Nordang og husdyragronom Faleide. Foto frå ”Fjordhesten” av Olav Karstad