I samsvar med avlsplanen pkt. 3 og pkt. 7.1.6 kan stammen og fargen til ein hingst tilleggast vekt ved kåring og premiering. Ein viktig del av oppgåva til Norges Fjordhestlag er difor å setje seg inn i og halde oppsyn med kva slekter som bør vernast om for å sikre ei størst mogleg breidde i populasjonen.

Avlsplanen skal reviderast før avlssesongen 2026, og har allereie vore ute på førstegongs høyring til lokallaga. Ein av tinga det vert arbeidd med i samband med revideringa, er å utarbeide ein kåringsinstruks for kåring med vekt på stamme og farge, slik at det er grundigare skildra i avlsplanen kva for kriterium ein skal vurdere hingstane på.

I 2025 fekk Norges Fjordhestlag innvilga midlar frå Landbruks- og matdepartementet frå overskot til pengespel på hest til prosjektet «Genetisk variasjon hos fjordhest». I ein av arbeidspakkane i dette prosjektet inngår det å vurdere objektive mål som eit verktøy ved kåring på bakgrunn av stamme. Dette skal eventuelt innlemmast i kåringsinstruksen i avlsplanen.

For å arbeide med dette, har Norges Fjordhestlag sett ned ei arbeidsgruppe som består av Marie Thorson Natten, Ingvild Rydjord Hansen, Stine Samsonstuen og Steinar Furnes.

Arbeidsgruppa starta med å diskutere kva for mål ein kan bruke som bakgrunn for vurdering av stammen og fargen til innmeldte hingstar, og kom fram til følgjande kriterium:

  • Hingstar som høyrer til ei hingstelinje som er lite representert
  • Hingstar som kjem frå ein hoppefamilie med få dyr, eller der det har kome få/ingen avlshingstar i nyare tid
  • Hingstar som har ein «gammal stamme», dvs med lange generasjonsintervall
  • Hingstar som har mindre slektskap til hopper i populasjonen enn snittet
  • Hingstar som har lågt slektskap til andre avlshingstar
  • Hingstar som er raudblakke, gulblakke, ulsblakke eller grå, eller som er berar av gener for å kunne gi desse fargane

Dei innmeldte hingstane i 2025 vart vurdert etter desse kriteria, og ein kom fram til ei liste med hingstar som kunne kårast med vekt på stamme og/eller farge. For hingstar som var inne til førstegangskåring sette ein som kriterium at dei måtte ha minst 7 på rasetype og -preg, minst 7 i heilheit eksteriør og ingen delkarakterar under 6 for å kunne kårast med vekt på stamme.  For tidlegare viste hingstar sette ein som kriterium at dei måtte ha minst 7 på rasetype og -preg, minst 7,3 i heilheit eksteriør og ingen delkarakterar under 6,5 for å få 3. premie med vekt på stamme. Desse grensene vart sett ut i frå tilrådingar i avlsplan, samt kva karakterar hingstar med kåring og premiering med vekt på stamme har fått tidlegare.

Hingstane måtte sjølvsagt også ha godkjent bruksprøve, lynnekarakter og helsekarakter frå veterinær for å kunne bli kåra med vekt på stamme. Nokre av hingstane med likskapar i stammen vart også vurdert opp i mot kvarandre, der ein i ein situasjon der ingen av hingstane vart kåra ordinært ville prioritere å kåre ein av dei med bakgrunn i stammen.

Etter at hingstane hadde vore inne til einskildmønstring, hadde representantar frå arbeidsgruppa eit møte med kåringsnemnda der ein gjekk igjennom kva for hingstar som ville bli kåra og premiert, samt kva karakterar hingstane som dommarane ikkje ville kåre ordinært hadde. Deretter vart det gjort ei heilskapsvurdering, og vald ut kva for hingstar Norges Fjordhestlag ville kåre med vekt på stamme.

Tre hingstar vart kåra med vekt på stamme, katalognr. 13, Jakobgardens Luring, katalognr. 28, Skeidsvolls Torvald og katalognr. 37, Solli Rheo. Tre hingstar på lista vart premiert ordinært; katalognr. 2. Torstuens Eld, katalognr. 5, Sjangsis Elvin og katalognr. 9, Årøy Elmer. Dei andre hingstane på lista var ikkje over minimumsgrensene ein hadde sett for kåring med vekt på stamme, eller hadde ikkje godkjente bruksprøver.

Norges Fjordhestlag meiner at dei kåra og premierte hingstane i 2025 representerer ein variasjon i slekter, både på hoppe- og hingstesida. Det er også kåra og premiert hingstar med fire ulike fargar; brunblakk, ulsblakk, gulblakk og grå.

Skeidsvolls Torvald var ein av tre hingstar som vart kåra med vekt på stamme.