Norges Fjordhestlag har søkt om støtte til eit treårig prosjekt som skal styrke fjordhesten si rolle som sportshest og knytte sterkare band mellom Norges Fjordhestlag og utøvarar med fjordhest. Bakgrunnen er fleire tilbakemeldingar frå medlemmar og eit utvida ryttarmøte under årets NM, der vi ønska oss innspel til korleis dette prosjektet bør sjå ut. Det er ønskjeleg at Norges Fjordhestlag retter meir fokus mot sporten og jobbar for å få fleire ekvipasjar til start på NM.

Prosjektet er planlagt frå starten av 2026 til slutten av 2028 og delt inn i 5 arbeidspakkar, der vi totalt har søkt om 1,856 millionar kroner. I den eine arbeidspakken ligg det blant anna inne 500 000 kroner til å redusere kostnadar knytt til deltaking på NM og til treningar i forkant av meisterskapen.

Blant måla er å gjere NM Fjordhest til eit endå sterkare og meir inkluderande arrangement. Andre tiltak omfattar blant anna etablering av ei ressursgruppe
for sport, evaluering og oppdatering av NM-statuttar og ei tydelegare satsing på marknadsføring.

Det er søkt om midlar frå overskotet frå pengespel på hest, som Landbruksdirektoratet deler ut som tilskot for å fremje hestesport, -hold og -avl. For denne utlysinga er det 13,6 millionar som skal delast ut. Blant prioriteringane i denne runden er auka bruk av dei nasjonale hesterasane og svar på søknaden er venta mot slutten av oktober.