Hingstar med sjeldan stamme eller med lågt slektskap til populasjonen kan bli kåra eller premiert med lågare poengsum enn ordinære krav til kåring og premiering. Norges Fjordhestlag har i samsvar med avlsplanen vurdert stammen på dei innmeldte hingstane og sett på kven av hingstane dette kan vere aktuelt for.

I forkant av hingsteutstillinga i fjor, jobba ei arbeidsgruppe i Norges Fjordhestlag med retningslinjer for kåring med vekt på farge og stamme. Desse retningslinjene er no inkludert i avlsplanen for fjordhest, og slik avlsplanen tilseier vart stammene til dei innmeldte hingstane vurdert etter fastsette kriterium før utstillinga i 2026.

Det er innhenta objektive mål på hingstane sin slektskap til resten av populasjonen, og det er også gjort vurderingar av om hingstane høyrer til sjeldne hingstelinjer eller kjem frå små hoppefamiliar.

Den reviderte avlsplanen som er gjeldande frå 2026 inneheld fastsette grenser for når det kan tildelast kårings- og premiegrad. Dette gjeld også hingstar kåra eller premiert med vekt på stamme eller farge. Bakgrunnen for dei fastsette grensene kan du lese meir om her.

Fleire av hingstane Norges Fjordhestlag hadde spelt inn på stamme og/eller farge i år, vart kåra og premiert ordinært. Dei andre oppfylte ikkje krava for kåring med vekt på stamme eller farge som er sett i avlsplanen.

Hingstane som vart kåra og premiert, og som Norges Fjordhestlag meiner har ein stamme utanom det vanlege, eller som i følgje objektive mål har lågare slektskap til populasjonen enn snittet er desse:

Nes Tord fekk 2. premie og sto som nummer 1 i kvalitet i klasse 1UB. Han er etter Roslands Dalar, og høyrer til hingstelinja etter Torbjørn gjennom Tunfeld og Dalar. Denne hingstelinja er lite representert i dag. Nes Tord kjem frå ein svært liten hoppefamilie, der det i dag er 10 aktive hopper.

Valegrå vart kåra i klasse 3. Han er etter Myklemann og høyrer til hingstelinja etter Torbjørn gjennom Haugeblakken. Han blir den fjerde hingsten på denne linja i Noreg i dag. Mor hans er svensk. Hingsten er mindre i slekt med populasjonen, både hopper og aktive avlshingstar, enn snittet. Ved testparing i EvA med denne hingsten vil forventa innavlsgrad reelt kunne vere høgare enn det programmet reknar ut, på grunn av at ein ikkje har fullstendig informasjon om dei utanlandske individa i stammen.

Lettys Leo vart kåra i klasse 3. Han er etter Turbo Romeo og høyrer til hingstelinja etter Hosar gjennom Sylvstein. På denne linja har vi i dag tre hingstar, i tillegg til dei nykåra.

Rødlands Tyr vart kåra i klasse 3. Han er etter Turbo Romeo, sjå meir om han i avsnittet over. Rødlands Tyr kjem frå ei svært lita hoppefamilie, og er den første kåra hingsten etter ei hoppe frå denne familien.

Svingelens Gråne vart kåra i klasse 3. Han er også etter Turbo Romeo, sjå meir i avsnittet om Lettys Leo. Mor til Svingelens Gråne er svensk, men stammar tilbake til ei hoppe frå Møre og Romsdal som ikkje har andre nolevande norske etterkomarar enn dei som er importerte frå Sverige. Hingsten er mindre i slekt med populasjonen, både hopper og aktive avlshingstar, enn snittet. Ved testparing i EvA med denne hingsten vil forventa innavlsgrad reelt kunne vere høgare enn det programmet reknar ut, på grunn av at ein ikkje har fullstendig informasjon om dei utanlandske individa i stammen

Norges Fjordhestlag ynskja også at det vart kåra minst ein hingst etter Birkelid Owen, då dei høyrer til linja etter Bergfast gjennom Bagge – ei sjeldan hingstelinje med få hingstar i Noreg i dag. Fem hingstar etter Birkelid Owen vart kåra ordinært, og det var difor ikkje naudsynt å kåre nokon på stamme. Dei andre hingstane med sjelden stamme oppfylte ikkje krava i avlsplanen til kåring eller premiering verken ordinært eller med vekt på stamme.