Årets unghestskue på Mo i Førde gjekk av stabelen 1. mai. Dommarar var Asle Espe og Kari-Anne Indrebø.
Hingstar 2 år
5. Birkelid Tullen
e. Kornvin Freidig u. Birkelid Tulla
Eigar og oppdrettar: Vidar Heggheim
Velutvikla, med godt kjønnspreg og god type. Velforma, middellang hals. God overlinje og bakpart. Litt lause frambein, elles gode bein. Spent skritt, meget ledig trav.
8-8-8-8-8. Sløyfe, nr. 2 i kvalitet.
6. Birkelid Nimo
e. Ninjar u. Birkely Monja
Eigar og oppdrettar: Vidar Heggheim
Godt utvikla. Godt hingstepreg. Middellang hals. God overlinje. Langt, velforma kryss. Taktfast godt skritt og trav. Velstilte bein.
8-8-8-8-8. Sløyfe, nr. 1 i kvalitet.
Hingstar 1 år
7. Oppituns Prinsen
e. Kamillas Tord u. Oppituns Tuna
Eigar og oppdrettar: Helge Øren
Lågstilt hingst av bra type. Mektig. Pent hode. Bredt ansatt, kraftig hals. Rund manke. Låg rygg. Velforma kryss. Velstilte bein. Spent skritt, ledig trav.
6-6,5-8-8-6. Ikkje sløyfe.
8. Truls
e. Kamillas Tord u. Sæles Karina
Eigar og oppdrettar: Audun Bringeland
Velutvikla åring av god type med bra preg. Breidt ansatt hals med kort nakke. Steil bog. God bakpart. Moderat tåtrang frambeinsstilling. Føre bein. Kort skritt, bra trav.
8-7-7,5-7-7. Sløyfe.
9. Bjørkely Prinsen
e. Lauvprinsen u. Rose)
Eigar og oppdrettar: Atle Ask
Likandes åring med godt hingstepreg. Pent hovud. Lang, velforma hals. God skulder og manke. Middellangt, velforma kryss. Moderat inntåa v.f., elles gode bein. Ledige rørsler.
8-8-8-8-8. Sløyfe, nr. 1 i kvalitet. Premie frå den finske fjordhestforeninga.
10. Skaars Ninjarson
e. Ninjar u. Kleppes Milli)
Eigar: Svein Erik Hafstad og Elisabeth Røst
Oppdrettar: Gunvor B. Skaar
Langlagd, godt utvikla hingst av god type. Bra hals. Umarkert bog og manke. Muskelsterk overlinje og bakpart. Skøytande frambeinsføring, elles gode bein. Kort skritt, betre i trav.
8-8-7,5-7,5-8. Sløyfe, nr. 2 i kvalitet.
11. Høgset Supermann
e. Sofin u. Biola
Eigar: Roger Høgseth Vetti
Oppdrettar: Ingjerd H. Vetti.
Muskelsterk, maskulin hingst av god type. Litt tungt hovud. Velforma hals. Rund manke. Meget god bakpart. Føre bein med godt markerte ledd. Bra skritt, kort trav.
7,5-8-8-7-7,5. Sløyfe, nr. 3. i kvalitet.
Hopper 3 år
12 Birkelid Oda
e. Fløgstad Odin u. Birkely Monja
Eigar og oppdrettar: Vidar Heggheim
Vakker hoppe med særdeles godt fjordhestpreg. Harmonisk kroppsbygnad med god muskelsetnad. Godt slutta. Middels føre, velstilte bein. Godt vinkla. Godt skritt. Svært godt, energisk trav med god bruk av alle ledd.
10-9-8-8,5-9. Sløyfe, ekstrasløyfe, nr. 1 i kvalitet. Premie frå den finske fjordhestforeninga. Sunnfjordpokalen for beste treårsmerr. Dagens hest.
13. Jakobgardens Bella
e. Fløgstad Odin u. Lillegråa
Eigar: Oddvar Vassliås
Oppdrettar: Anette Alnes
Hoppe av meget god hoppetype. I noko godt hold. Pent hovud. Harmonisk kropp og muskelsetnad. Parallellforskjøvet b.f. Svært ledige rørsler i skritt og trav.
9-9-6,5-9-8,5. Sløyfe, ekstrasløyfe, nr. 2 i kvalitet.
14. Mykle Sølja
e. Søljo u. Løkling Ninrosa
Eigar: Elisabeth Røst og Svein Erik Hafstad
Oppdrettar: Jan Even Myklebust
Langlagd hoppe av meget god type. Velforma hals, rund manke. Meget god overlinje og bakpart. Flate framknær. Brutte tåakse b.f. Meget ledig skritt, godt trav.
9-8,5-6,5-8,5-8. Sløyfe, ekstrasløyfe, nr. 3 i kvalitet.
Hopper 2 år
15. Snøkvit
e. Herman u. Fenja
Eigar og oppdrettar: Rasmus Felde
Vakker hoppe med godt fjordhestpreg. Pent hovud. Middellang velforma hals. God overlinje og bakpart. Tåvid b.f., elles gode bein. Meget ledig skritt, ledig trav.
9-9-7,5-8,5-9. Sløyfe, ekstrasløyfe, nr. 1 i kvalitet. Sunnfjordpokalen for beste toårsmerr.
17. Kleivenes Eira
e. Severin u. Nidarrosa
Eigar: Helene Rosenblad
Oppdrettar: Anne-Karin Høgalmen
Høgstilt og langlagd hoppe av god type. Noko smalbygd og i snautt hold. Gode rammer. Vakkert uttrykksfullt hovud. Moderat tåvid, elles føre bein. Vegvinnande skritt. Bra trav.
8-7-8-7,5-8. Sløyfe, nr. 2 i kvalitet.
Hopper 1 år
18. Larstun Tårdis
e. Kamillas Tord u. Larstun Fiona
Eigar: Monica Gjøringbø
Oppdrettar: Helge O. Gjøringbø.
Høgstilt og langlagd hoppe av meget god type. Vakkert, uttrykksfullt hovud. Meget god kropp og muskulatur. Gode bein og meget ledige rørsler.
9-9-8-8,5-9. Sløyfe, nr. 1 i kvalitet.
19. Torset Rosa
e. Kamillas Tord u. Torset Ljosa
Eigar: Svein Erik Hafstad og Elisabeth Røst
Oppdrettar: Helge Heggheim.
Vakker, rasetypisk hoppe. Uttrykksfullt hovud. Velforma hals. God skulder og manke. Føre bein. Kort skritt og ledig trav.
9-8,5-8-7,5-8,5. Sløyfe, nr. 3 i kvalitet.
20. Mykle Servis
e. Severin u. Mykle Nina
Eigar: Elisabeth Røst og Svein Erik Hafstad
Oppdrettar: Jan Even Myklebust
Langlagd hoppe av meget god type. Jamn god kropp. Føre velstilte bein. Ledige rørsler.
9-9-8-8-9. Sløyfe, nr. 2 i kvalitet.
Alle foto: Inger Grønntun