Her finn du informasjon om aktuelle saker frå styret.
Evaluering av bevaringsarbeid for dei nasjonale hesterasane – rapporten er tilgjengeleg
Bakgrunn:
De nasjonale hesterasene dølahest, fjordhest og nordlandshest/lyngshest er karakterisert som truede raser. Stortinget har over år bevilget midler til de regionale hestesentrene Norsk Fjordhestsenter og Nord-Norsk Hestesenter for arbeidet med bevaring av fjordhest og nordlandshest/lyngshest. Norsk Hestesenter som delvis finansieres av Norsk Rikstoto, har et ansvar for hesteavl generelt og et særlig ansvar for bevaringarbeidet for dølahesten. En arbeidsgruppe med deltakelse fra berørte raselag, Norsk Genressurssenter, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) og Landbruks- og matdepartementet har evaluert bevaringsarbeidet.
Rapporten er pr i dag til behandling hos Landbruks- og matdepartementet, og det er ikke konkludert.
Rapporten finn du HER.
Nye personar i styre og utval
Lisbeth Strandum vart vald inn som ny styremedlem på årsmøtet. I aktivitetsutvalet vart Lise-Lotte Hansen valt inn som ny vara. Vi ønskjer Lisbeth og Lise-Lotte hjarteleg velkomne og ser fram til eit godt samarbeid!
Aktivitetsutvalet
Lisbeth Strandum blir styret sin representant i aktivitetsutvalet i 2016/2017.
Avlsutvalet
Vidar Heggheim blir styret sin representant i avlsutvalet i 2016/2017.
Økonomien i laget
Den økonomiske situasjonen i landslaget har betra seg, etter at viktige innsparings- og rasjonaliseringsgrep er gjort. I 2015 viste resultatet eit overskot på kr 93515,-, etter mange år med underskot. Styret ser det likevel som viktig å halde eit stramt grep om økonomien. Det vil imidlertid vere betre rom for å nytte midlar til viktige formål, blant anna vil aktivitetsutvalet i 2016 ha eigne midlar til disposisjon.
Lokallag som drivkraft i framtida – kva må til?
Dette var tittel på møtet styret inviterte til like etter årsmøtet den 5. mai, der utsendingane til årsmøtet var tilstades. Andre interesserte var også inviterte. Bjørn Vollstad leia oss i kjend og underhaldande stil gjennom ei økt der søkjelyset vart sett på lokallaga, på aktivitet og samarbeid med Norges Fjordhestlag. Kva må til for å styrke og aktivisere lokallaga, kva må laga gjere sjølv og kva ønskjer dei av styret? Mange gode innspel kom fram, og vi takkar for godt engasjement og positive tilbakemeldingar. Styret har gjort ei oppsummering og vil bruke innspela i det vidare arbeidet med lokallagsutvikling.
Landsfinalen
Landsfinalen for unge fjordhestar blir i år halden på Stord Hestesportssenter, under jubileumsutstillinga til Ytre Sunnhordland Fjordhestlag og Stord Hestesportslag. Dato for utstillinga er 25. og 26. juni. Alle unghestar som har fått 8 eller høgare i heilskapskarakter denne våren, er inviterte i brev sendt ut frå Norges Fjordhestlag.
På landsfinalen vil det bli:
Presentasjon av alle møtande på nettsidene i forkant av finalen
Klassevis presentasjon av alle dyr
Enkeltvisning – mønstring
Lausmønstring i ridehall – studere bevegelsar
Flotte premiar til dei beste i kvar klasse
Resultatliste og bilete
Ta turen til Stord til ei flott hestehelg!
Jubileums-NM i Førde
NM for Fjordhest feirar i år 30-årsjubileum på same stad som det i si tid vart arrangert fyrste gong – i Førde. Set av dagane 4.-9. juli! Vi ser fram til flotte fjordfestdagar med fjordhesten som midtpunkt!
EM for Fjordhest
EM blir arrangert i Danmark på Vilhelmsborg 4.-7. august samtidig med hingstekåringa og 75-årsjubileumet til Fjordhesten Danmark. Fleire norske ekvipasjar er påmelde til EM. Kanskje ferieturen skal gå til Danmark i år?
Haustmøtet
Haustmøtet blir på Nordfjordeid 21.-23. oktober. Det blir lagt opp til dommarsamling torsdag og fredag før Haustmøtet. Vi ser fram til ei spennande og interessant helg med fjordhestfolket – på vårt eige nasjonale fjordhestsenter. Kom gjerne med innspel til program! Meir informasjon vil kome etter kvart.
Avlsmidlar/prosjektmidlar
Nytt i år er at raseorganisasjonane må søkje Norsk Hestesenter om prosjektmidlar som erstatning for dei tidlegare avlsmidlane. Norges Fjordhestlag har søkt om midlar til fleire ulike prosjekt. Tildelingsbrevet er ikkje motteke, men det er gitt signal om at samla tilskotsramme vil vere på 180 000 kroner.
Førebels er det bestemt at ein del av midlane vil gå til avlsstimulerande ordningar, med søknadsfrist 1. oktober. Informasjon om øvrige prosjekt og tilskot vil kome seinare når dette er avklart.
Nytt tilskot til sending av sæd til Nord-Norge
Nytt for 2016 er at det er høve til å søkje Norges Fjordhestlag om stønad til dekking av utgifter ved sending av sæd frå Norsk Fjordhestsenter til hopper i Nordland , Troms og Finnmark. Det er og høve å søkje for hopper andre stader i landet med lang avstand frå hingst, når avstanden er over 600 km frå seminstasjonen til Norsk Fjordhestsenter. Søknad sendast innan 1.10.2016 og beløp vert fastsett etter innkomne søknader og tilgjengelege midlar.
Avlsstimulerande midlar til leige og kjøp av 3- og 4-årshingst
Norges Fjordhestlag ynskjer å styrke bruken av 3- og 4-årshingstar, for å auke variasjonen av genar og korte ned generasjonsintervallet. Det vil vere gunstig for avlsframgangen og redusere innavlsfaren. Med atterhald om tildeling, vert lag tilslutta Norges Fjordhestlag og semin ved Norsk Fjordhestsenter oppmoda om å søkje støtte til leige og kjøp av 3- og 4-årshingst. Søknad vert vurdert ut frå ei geografisk plassering for desentralisert fjordhestavl, avlsmessig breidde og bruk. Grunngjeven søknad sendast Norges Fjordhestlag innan 1.10.
(Ved manglande innmelding til Norges Fjordhestlag og Norsk Hestesenter med frist 1.10. kvart år vedkomande bedekning, sal, o.l., kan avlsstimulerande midlar reduserast eller haldast attende.)
Avlsstimulerande midlar til 3-, 4- og 5-årshopper
Følgjande er vedteke for tilskot til 3-, 4- og 5-års hopper:
Etter søknad vert det gjeve tilskot til bedekning av 3-, 4- og 5-års, premierte hopper der eigar er medlem av Norges Fjordhestlag. Beløp blir fastsett ut frå tilgjengelege midlar det aktuelle året. Søknadsfrist: 1.10.
Ny oppdatering kjem om ikkje lenge.