Årets første fjordhestføl kom til verda på Nordfjordeid fredag 20. april, då andrepremiehoppa Herborg fekk eit velskapt hoppeføl. Hoppa, som er Herborg sitt sjette føl, er det første følet etter Birkelid Nimo.
av Ingvild Rydjord Hansen
«Herborg lurte oss alle!» seier eigar Silje Kvalvik. «Ho hadde ikkje termin før den 24. april, og vanlegvis er ho veldig lett å lese når det nærmar seg følling.» Denne gongen var det annleis, og då det skulle fôrast middag fredag låg det eit heilt ferskt føl i luftegarden, til trass for at Herborg ikkje hadde vist teikn til å nærme seg følling to timar tidlegare.
Herborg er ei sytten år gammal hoppe etter Ljosprins. Mor hennar er den kjende avlshoppa Fjellmøy. Herborg har hatt fem føl tidlegare, fire hingstar og ei hoppe. Alle dei fire som er stilt har gjort det godt på unghestskue – samtlege har stått i kvalitet og to av dei har også vorte kåra til «dagens hest». Herborg er mor til to avlsgodkjende hingstar; Hugo e. Torsetblakken med andrepremie og Herlig e. Kornvin Freidig som vart kåra i fjor.
Det er med andre ord store forventningar til det heilt ferske hoppefølet, som er laga på bestilling. Hingsten Birkelid Nimo vart vald til Herborg fordi dei har kvalitetar som passar saman, og det er mange gode hoppelinjer som no møtast i stammen til den vesle frøkna.
Birkelid Nimo vart kåra og stilt som nummer to i kvalitet under hingsteutstillinga i fjor. Han var leigd av Nordfjord og Sunnfjord Fjordhestlag, og sto først i stasjon og deretter på slepp. Han hadde totalt 14 hopper i fjor. Birkelid Nimo skal gjennomføre utvida bruksprøve under hingsteutstillinga på Nordfjordeid i mai.
Herborg har vore i Silje Kvalvik sitt eige i mange år, og ho er oppdrettar på fem av dei seks føla Herborg har fått. Silje kjøpte Herborg etter å ha hatt ho som skulehest på Fjordane Folkehøgskule. Før Herborg vart avlshoppe på heiltid konkurrerte Silje mykje med ho, og dei har mellom anna starta Fjordhest-NM saman. «Det fine med Herborg er at ho har mykje motor og alltid er med på moroa, men ho er fornuftig og trygg samstundes» seier Silje. Ho fortel at dette er kvalitetar ho har gitt vidare til avkomma sine.
Silje er vekkreist denne helga, og gler seg veldig til å kome heim til Herborg og følet. «Med tanke på kven som er foreldra hennar trur eg ho veks opp til å verte ei vakker dame!» seier ho.
Foto: Linda Beate Svoren