Ni spretne fjordhestar stilte til start i greinmeisterskapen i sprang, som var det siste samandraget som vart avgjort under årets Fjordhest-NM.

Første avdeling i greinmeisterskapen i sprang vart arrangert fredag, og den gikk i 80 cm. Fire av ekvipasjane som starta i samandraget kom seg feilfri igjennom bana og vidare til omhopping, der veldig små marginar avgjorde kven som hamna øvst på resultatlista. Sofie Dahl Kristiansen og Jason Lundgård klarte å slå konkurrentane med få tidelar, og gjekk difor inn i andre avdeling med best resultat.

Dei andre som kom seg igjennom både grunnomgong og omhopping utan feilpoeng var Hanne Elise Pedersen og Jakobgardens Hedina, Kirsty Maun-Tengsareid og Skåras Dala Åse, og Mette Stensgård Lothe og Heimlunds Lieroy.

Sofie Dahl Kristiansen og Jason Lundgård vann første avdeling i greinmeisterskapen i sprang

Kirsty Maun-Tengsareid og Skåras Dalar Åse

Hanne Elise Pedersen og Jakobgardens Hedina

Mette Stensgård Lothe og Heimlunds Lieroy

Andre og siste avdeling gjekk i 90 cm, som var siste klasse laurdag. Tre ekvipasjer kom til omhopping, og også i denne klassa vart det tett i toppen. Sigeren gjekk til slutt til Dorthea Solheim og Haukfell, som slo Hanne Elise Pedersen og Jakobgardens Hedina med under eitt sekund. Det holdt likevel for Hanne og Hedina, som gjekk av med sigeren i greinmeisterskapen i sprang.

Dei to andre plasserte i greinmeisterskapen var Mette Stensgård Lothe og Heimlunds Lieroy og Sofie Dahl Kristiansen og Jason Lundgård.

Hanne Elise Pedersen og Jakobgardens Hedina

Mette Stensgård Lothe og Heimlunds Lieroy

Stolte vinnarar av greinmeisterskapen i sprang 2018

 

Fullstendige resultatlister finn du i Equipe.