Møte: | 03/15 |
Tid: | Måndag 06.04. 2015 Kl. 20.00 |
Stad: | Skype |
Møtte: | Janne Seilen, Anne Karin Løken, Vidar Heggheim, Kai Stein, Knut R. Thunheim |
Meldt frafall: | Bjørn Vollstad |
Frå adm. | Asle Espe |
Orienteringsaker etter styremøte 09.03.15
– Budsjett
– Årsmøtet
– Prosjekt Kvalitetshest
– Fjordhestølet
– Møte om detaljplanlegging hingsteutstilling 2015
– Avtale om samarbeid med Norsk Hestesenter
– Fjordhest for Folket – profilering med banner
Sak 30/15: | Godkjenning referat møte 02/15Vedtak: Referat frå møte 02/15 godkjent. |
Sak 31/15: | Gjennomgang av årshjuletVedtak: Årshjulet blir teke til etterretning. |
Sak 32/15: | Godkjenning av avlsplan til nye forskrifter. Arbeidsgruppa som har arbeidd med revidering av avlsplanen har gjort ferdig sitt arbeid og har oversendt rasespesifikk del for fjordhest og generell del for fjordhest, dølahest og nordlands/lyngshest til styret i NFHL for godkjenning før endeleg godkjenning Mattilsynet og Norsk Hestesenter. Høyringsuttalene frå lokallag blir lagt ut på nettsidene til Norges Fjordhestlag.Vedtak: Avlsplanen for Fjordhest tilpassa nye føreskrifter vert godkjend som den ligg føre, og den blir vidaresend Mattilsynet og Norsk hestesenter for endeleg godkjenning. |
Sak 33/15: | Høyring vedr. bedømming i det nye utstillingsystemet Høyringsnotatet om dømming i det nye utstillingssystemet er endra, Janne har hatt kontakt med dei andre leiarane i landslaget for Dølahest og landslaget for Nordlandshest / Lyngshest, og det er utarbeidd notat tilpassa den einskilde rase. Høyringsnotatet for Fjordhest er sendt ut til lokallaga for innspel og frist for tilbakemelding er 15.04.2015 . Notatet blir lagt ut på nettsidene til Norges Fjordhestlag i lag med nødvendig informasjon.Vedtak: Styret handsamar innkomne innspel om dømming i det nye utstillingssystemet på neste styremøte etter at høyringsuttalar er kome inn. |
Sak 34/15: | Godkjenning av søknad om utvikling og oppstart av Skeid. Arbeidsgruppa for dei tre nasjonale hesterasane som har arbeidd med utvikling og oppstart av Skeid har utarbeidd planverk for dette arbeidet samt forslag til finansiering.Vedtak: Styret i Norges Fjordhestlag godkjenner planen for utvikling og etablering av Skeid slik den ligg føre. |
Sak 35/15: | Søknad om løyving av midlar til Skeid – prosjektet. Det er søknad om midlar til Norges Fjordhestlag om kr. 2100,- til dekking av kostnad til logo og patentsøknad.Vedtak: Styret løyver kr. 2 100,- til Skeid prosjektet øyremerka logo og patentsøknad. |
Sak 36/15: | Samarbeid om innavlsberekningar på individ og populasjonsnivå. Norsk Hestesenter har teke initiativ overfor avlsorganisasjonane for dei nasjonale hesterasane om berekningar av innavlskoeffisientar i samarbeid med Nordgen gjennom dataprogrammet EVA. Dei ynskjer at kvart raselag vel ein person til å være med i arbeidet.Vedtak: Styret ser viktigheita i å få gjort innavlsberekningar på individ og populasjonsnivå, og utpeikar Vidar Heggheim (avlsutvalet) til å delta i dette arbeidet. Varamedlem : Katrine Haugaard. |
Sak 37/15 | Godkjenning av Norge som moderlandsstatus for Fjordhest.Vedtak: Saka er utsett til neste styremøte. |
Sak 38/15 | Framdrift i prosjektet Innfrysing av genetisk materiale for Genbank. Søknad om forprosjekt utarbeidd av AS Norsk Fjordhestsenter er sendt på vegna av dei tre særnorske hesterasane til Genressursutvalet, og søknaden er behandla i utvalet med positivt utfall.Vedtak: Styret i Norges Fjordhestlag utpeikar Asle Espe til å arbeide vidare med saka i tett dialog med styret i Norges Fjordhestlag. |
Nordfjordeid 06.04.2015
Asle Espe
referent