I januar startar ein opp unghestutdanning innanfor Prosjekt Kvalitetshest ved Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid. Har du ein unghest av nasjonal rase som er til sals, kan dette vere noko for deg!
I tillegg til Norsk Fjordhestsenter vert det også starta opp utdanning av unghestar ved Norsk Hestesenter og Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest på nyåret. Utdanninga er subsidiert av avlsmidlar, og målet for prosjektet er å gjere hestane salsklare. Dette gjer ein gjennom individuell tilpassa trening, vurdering hesten sine eigenskapar og ferdigheiter og presentasjon av desse.
Kva er Prosjekt Kvalitetshest?
Mange ønskjer å kjøpe ferdig utdanna hestar av dei nasjonale hesterasane, men vi har ikkje nok slike hestar å tilby marknaden. Raseorganisasjonane for dei tre særnorske hesterasane og dei tre nasjonale hestesentera har i samarbeid sett i gong Prosjekt Kvalitetshest for å utdanne unghestar for sal.
Målet med Prosjekt Kvalitetshest er å utdanne trygge kvalitetshestar for salsmarknaden. Ved å la hestane gå igjennom eit kvalitetssikra utdanningsprogram vil ein kunne redusere talet på ulykker med hest og tilby marknaden tryggare hestar av nasjonal rase. Dei tre nasjonale hesterasane er særleg godt eigna til utdanningsprosjektet fordi dei frå naturen si side er rusta med eit stødig temperament og god helse.
Opptak og krav til hestane:
Målet er å utdanne kvalitetshestar for sal og frigjere stallplass hos oppdrettarane. Vi har desse krava til hestane som vert tatt opp i prosjektet:
- Nasjonal rase (fjordhest, dølahest, nordlandshest/lyngshest)
- Hoppe eller vallak
- Unghest, 2 til 5 år
- Hesten bør ha vore vist på følskue eller unghestskue
- Eigar ønskjer å selje hesten
- Eigar må vere medlem av ein av dei tre nasjonale raseorganisasjonane
I tillegg er det nødvendig at hestane:
- er nyskodde ved ankomst (ein kan ev. gjere avtale med eigar dersom dette ikkje er mogleg).
- er oppfølgde med ormekur, tannsjekk og vaksiner.
- er vande med å bli transportert på hengar og toler trafikk.
Det er nødvendig at eigar dokumenterer dette seinast ved ankomst, og viser at hesten fungerer i trafikk.
Innhald i utdanninga
Det er tilsette ved Norsk Fjordhestsenter som står for den daglege handteringa av hestane i utdanningsperioda. Dei ansvarlege har fagbrev i hestefaget og lang erfaring med trening av unghest. Det er dei same personane som står for handtering og trening gjennom heile perioden, noko som gjer det tryggare og meir forutsigbart for hestane. Utdanningsperioda er 6-8 veker. Det vert lagt opp til 3-4 treningar i veka for kvar hest, i tillegg til desse aktivitetane:
Starten: Inntak, miljøløype, vurdering, lage treningsplan
Midtvegs: Miljøløype og undervegsvurdering, justere treningsplan ved behov
Siste halvdel: Skildring av hesten og verdivurdering
Avslutning: Visningsdag med miljøløype
I tillegg til dette kjem dagleg handtering, som også er ein del av utdanninga. Unghestane kan delta på Skeid som ein del av opphaldet. Dommarvurderingane derfrå er nyttige i kartlegginga og vurderingane av hesten.
Utdanningsplanen vert laga av fagansvarleg og eigar i samarbeid etter søknad og kartlegging av hesten. Miljøløyper vert brukt til kartlegging av eigenskapar og ferdigheiter under planlegging av utdanningsløp for unghest.
Det vert utarbeidd eit prospekt for kvar hest som inneheld informasjon om hesten både når det gjeld eksteriør, eigenskapar og ferdigheiter. Her legg ein vekt på kva potensiale hesten har og forventa utvikling.
Eigar får tilgang til Dropbox-mappe eller tilsvarande med vurderingar, treningsplan og treningsdagbok. Når det nærmar seg visningsdag tek den ansvarlege kontakt og informerer om verdivurdering.
Utdanningsopphaldet ved Norsk Fjordhestsenter
Prosjekt Kvalitetshest startar opp i veke 2 ved Norsk Fjordhestsenter. Visningsdagen er planlagt i starten av mars.
Kostnad for unghestutdanninga er 9000 kroner per månad, men 3000 kroner av desse vert subsidiert gjennom avlsmidlar. Prisen for opphaldet vert 6000 kroner per månad, dette inkluderer oppstalling med full pensjon, dagleg handtering og stell, trening og marknadsføring.
Har du ein aktuell unghest?
Last ned og fyll ut søknadsskjema og send inn til post@norsk-fjordhestsenter.no før jul. Har du spørsmål? Kontakt oss på e-post eller telefon 57864800.
Her finn du meir informasjon om Prosjekt Kvalitetshest ved Norsk Hestesenter.
Her finn du meir informasjon om Prosjekt Kvalitetshest ved Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest.