Til alle utstillarar under jubileumsutstillinga 2019
Vi vil ynskje alle utstillarar velkomne til hingsteutstillinga 30. april – 4. mai 2019 på Nordfjordeid. Utstillinga i år markerer Nordfjord Fjordhestlag sitt 100- årsjubileum, og Norges Fjordhestlag sine 70 år. Vi ser fram til ei flott utstilling og gler oss til å ta i mot hingstar, utstillarar og publikum!
Utstillinga tek til tysdag 30. april med oppmøte av hingstar til utvida bruksprøve. Dei andre hingstane startar torsdag 2. mai med mønstring på hardt underlag, lausmønstring og veterinærundersøking.
Tinging av stallplassar skjer ved å sende e-post til steinarfurnes@hotmail.com eller SMS på 90139957 og at kr. 500,- vert betalt inn på konto nr. 3790 10 55735, alt innan 30.04.19. Det er viktig at du merker betalinga med ”Hingsteutstilling”, utstillar og hesten sitt namn. Kvittering skal synast ved frammøte. Dei som ikkje let høyre frå seg innan den 29.04. må syte for stallplass sjølve.
Hingstane som er inne til dei utvida bruksprøvene, skal sjølv avtale oppstalling ved Norsk Fjordhestsenter under utstillinga.
Det er høve til oppstalling frå tysdag 30. april kl 19. Gje så fall beskjed om når du kjem. Om ein ynskjer oppstalling utover dette må det avtalast ved reservering av stallplass, og prisen er kr. 50,-/ døgn. Det vil ikkje vere høve til å sette hest på stall mellom kl 24.00 og 08.00, om det ikkje er avtala i god tid på førehand.
Kontaktinformasjon ved spørsmål om oppstalling eller anna:
Steinar Furnes, tlf.: 90 13 99 57, e-post steinarfurnes@hotmail.com
Kontaktinformasjon til sekretariatet i Øyane:
Margrethe Garlid, tlf.: 91 32 66 61.
Uoffisiell showklasse for premierte hingstar 9 år og eldre
Vi ønskjer å invitere alle premierte hingstar som er ni år og eldre til ei showklasse. Mange av dei har ikkje har vore viste på utstilling på fleire år. Det hadde vore flott å vise fram desse hingstane. Mange har markert seg i avl og sport, og eit gjensyn under eit jubileum som i år hadde vore svært gledeleg.
Showklassa blir open og hingstane som deltek får eksteriørbedømming. Hingstane blir rangerte, og den beste er med og kjempar om tittelen «Dagens Hest». Arrangøren har sett opp flotte gåvepremiar i klassen. Vurderinga av hingstane medfører ikkje endring av premiegrad. Påmelding skjer gjennom Norsk Hestesenter og det er inga innmeldingsavgift. Nærare informasjon vil bli tilsendt etter påmelding.
Uoffisiell showklasse for toårs fjordhingstar
Fredag 3. mai blir det uoffisiell showklasse for toårs fjordhingstar under hingsteutstillinga. Hingstane får omtale og blir rangerte. Flotte gåvepremiar til dei beste. Kriterium for å vere med er at hingsten har fått sløyfe som åring eller har fått sløyfe som 2-åring på unghestskua forut for hingsteutstillinga.
Ta med din unghest, dette er fin miljøtrening til hingsteutstillinga neste år! Innmeldingsavgift kr. 500,- og fristen er 1. mai. For innmelding, sjå nærare informasjon som vil kome.
Jubileumsopptog
Vi ønskjer å setje fjordhesten sitt solide avtrykk på Nordfjordeid desse mai-dagane. Vi ønskjer eit opptog gjennom sentrum laurdag der alle utstilte hingstar er med. For urøynde utstillarar vil det bli lagt ekstra vekt på tryggleik langs vegen, slik at alle skal kjenne seg trygge under opptoget. Det vil bli trekt ein vinnar av eit gåvekort på kr 2000 blant alle hingstane som deltek i opptoget. Bli med og gjer dette opptoget til det flottaste i manns minne!
Jubileumsmiddag
Festmiddagen på Nordfjord Hotell: Det vil bli nødvendig å kjøpe billett til middagen i god tid før utstillinga. Dette kan gjerast på nett (informasjon om dette vil kome) – og det kan tingast billett på e-post direkte til hotellet: salg@nordfjord-hotell.no / tlf 57863333. Siste frist for billettbestilling til jubileumsmiddagen er fredag 26. april. Det vil IKKJE bli høve til å kjøpe billett fredagen, slik som før. Gjer vel og del denne informasjonen slik at alle får kjøpt billett før fristen.
Regelverk for utstilling
Utstillingsnemnda oppmodar utstillarar til å lese gjeldande regelverk for utstilling og sørgje for å ha korrekt utstyr. Merk særleg:
- Hjelm er påbode for personar under 18 år ved all handtering av hingst, også 2-årshingst, på utstillingsområdet.
- Hingstar skal ved all ferdsel på utstillingsområdet ha på hodelag og lange, delbare tøyler tilpasset hestens størrelse og rase. Følgende tre alternativ blir godtatt:
1 Lange, delte/delbare tøyler som er festet i hver sin bittring
2 Lange, delte/delbare tøyler som er festet i hver sin bittring, og leietau med kjetting hvor kjettingen går under haka til hesten
3 (Gjelder kun fjordhest) Lange, delte/delbare tøyler hvor én ende består av en kjetting. Tøyleenden uten kjetting skal festes i bittringen på hestens venstre side. Tøyleenden med kjetting skal gå under haka til hesten.
Tøylane er anbefalt å vere minimum 3 meter, gjerne lenger. Ridetøylar er ikkje godkjent.
Sjå fullstendig utstillingsreglement på Norsk Hestesenter sine nettsider nhest.no.
Det er særleg viktig å hugse på tryggleik når det gjeld bruk av beksel/hodelag. Hugs at hakereim må vere stram nok til at bekselet/hodelaget ikkje blir drege over øyrene slik at hingsten kjem seg laus.
Antrekk:
Arrangøren ber om at utstillarar kler seg i høvelege kle for utstillinga. Det er ønskjeleg med mørk bukse og kvit skjorte.
Nærare informasjon
Det vil bli sendt ut nærare informasjon med klokkeslett og detaljar nærare utstillinga. Følg med på fjordhest.no og nhest.no .
Vi ønskjer alle utstillarar lukke til med førebuingane av hingstane den siste tida fram mot utstillinga. Vel møtt!
For utstillingsnemnda og styret i Nordfjord Fjordhestlag
Anne-Karin Høgalmen
leiar/utstillingsnemnda
Hei.
Jeg ønsker meg akkurat sånn vogn som vi kjører hingstene med på bruksprøvene. hvor får en kjøpt disse vognene?