Sytten fjordhestekvipasjer reiser denne veka til Danmark for å konkurrere for Noreg i den Nordiske meisterskapen for fjordhest, som vert arrangert på Vilhelmsborg ved Århus.
av Ingvild Rydjord Hansen
I den Nordiske meisterskapen er det mogleg å konkurrere i dressur, sprang, køyring og allround. Alle klassene går både for junior og senior. Det er såleis mange meistrar som skal kårast i Danmark denne veka.
Fjordhesten Danmark melder om åtte svenske, 17 norske og over 50 danske ekvipasjer. I år stiller ingen ekvipasjer frå Finland.
Ekvipasjene som skal representere fjordhesten sitt heimland er :
Fannemels Argon og Trine Elisabeth Lillestøl Paulsen
Flemming og Cassandre Bach-Gansmo
Jason Lundgård og Sofie Dahl Kristiansen
Jesper og Kirsti Rogstadkjærnet
Pryd Skovå og Victoria Engøy Lien
Blåtopps Aria og Aina Benedicte Huseby
Freddi og Sylvia Kallekleiv Langeland
Kornvin Freidig og Kjersti Anette Botnevik
Nybråtens Skumding og Espen Mørch Andersen
Sleipned Basland og Vilde Hedemark Valen-Sendstad
Råds Gråa og Silje Indrebø
Foldas Sildre og Anders Sæther Moen
Kapstads Herika og Trine Elisabeth Lillestøl Paulsen
Mæhlums Argus og Signe Hoff Johannessen
Sanders Sarek og Freya Hagen
Sofin og Emma Nyløy
Torsheims Kira og Åshild Standnes Magnes
Det norske laget
Klasseoppsettet i Nordisk er annleis enn på NM, noko som mellom anna fører til at ein ikkje kan starte for lag dersom ein starter det nordiske allround-samandraget. På grunn av dette stiller Noreg i år med berre eitt lag, sjølv om vi har veldig mange gode ekvipasjer med oss i troppen.
Dei som er plukka ut på det norske laget er:
Dressur: Jesper og Kirsti Rogstadkjærnet
Sprang: Fannemels Argon og Trine Elisabeth Lillestøl Paulsen
Køyring: Anders Sæther Moen og Foldas Sildre
(Reserve i køyring: Emma Nyløy og Sofin)
Vil du følge med heimefrå?
Stevneresultat vert pubisert fortløpande i Equipe. Informasjon vert også lagt ut på Norges Fjordhestlag og Fjordhesten Danmark sine Facebook-sider.
Vi ynskjer alle ekvipasjane lukke til på Nordisk!