Norges Fjordhestlag, Landslaget for Dølahest og Landslaget for nordlandshest/lyngshest ynskjer velkommen til
Haustmøtet 2019
1.-3. november, Scandic Bodø
Møteleiar: Inger Sofie Andreassen
Fredag
19.00
Velkommen til Haustmøtet
ved leiarane Hege, Stine og Ingvild
Kva er NHS og raselaga sine roller, oppgåver og ansvar i arbeidet med dei nasjonale hesterasane?
ved Norsk Hestesenter
20.30: Middag
Laurdag
Rasespesifkk del, Norges Fjordhestlag:
09.00: Fjordhesten – organisasjon, utstilling og bruk
Norges Fjordhestlag ynskjer medlemmane sine innspel på korleis ein best kan arbeide for fjordhesten innan organisasjonen, utstilling og bruk.
Det vert lagt opp til innføring i dagens system og kva utfordringar og moglegheiter som finns ved det, samt gruppearbeid og diskusjon i plenum.
14.00: Lunsj
15.00: Korleis trene for å få ein haldbar hest?
ved veterinær Hanne Haga
16.15: Patellacathcing
ved veterinær Lars Moen
17.45: Informasjon frå utvala i Norges Fjordhestlag om pågåande arbeid
20.00: Festmiddag
Søndag
09.00: Korleis får vi hoppa drektig?
ved Caroline S. Haadem, dipl. ECAR, NMBU
10.30: Pause og utsjekk
11.00: Bedekningstal og trender
ved Siri Furre, Norsk Hestesenter
12.00: Open post
13.00: Lunsj
Med atterhald om endringar i programmet.
Påmelding
Meld deg på Haustmøtet ved å sende ein e-post til bente.lilleengen@nhest.no innan 10. oktober. Oppgje i mailen kva for ein rasespesifikk del du ynskjer å delta på. Eventuelle spørsmål eller merknadar må skje i e-post ved påmelding.
Betaling skjer ved påmelding til kontonummer 2095.19.84222 (Landslaget for Dølahest). Betalinga må merkast med namn på deltakar, raselag og påmeldingsalternativ. Påmeldinga er ikkje gyldig før innbetalinga er registrert på konto.
Prisar:
Heilpensjon fredag-søndag i dobbeltrom: 2500 kr
Heilpensjon fredag-søndag i enkeltrom: 3000 kr
Heilpenson laurdag-søndag i dobbeltrom: 1800 kr
Heilpensjon laurdag-søndag i enkeltrom: 2200 kr
Dagpakke laurdag og søndag: 600 kr per dag
Middag ikkje-buande: 490 kr.
Vi oppmuntrar alle til å søke sitt lokal- eller distriktslag om støtte.
Velkomne!