Tid:
Måndag 11.05. 2015 Kl. 20.30
Stad: Skype

Tilstade: Janne Seilen, Anne-Karin Løken, Vidar Heggheim, Kai Stein, frå adm. Asle Espe

Saker til orientering etter førre møte:
– Godkjenning av referat frå møte 04/15 – utsett til neste møte

Sak 44/15: Søknad om dispensasjon for avlssesongen 2015 – Reita Balder
Fireårshingsten Reita Balder, første gongs kåra 2014, søkjer om utsetjing på utvida bruksprøver. Eigar har sendt inn veterinærattest og grunngjeving for dette, samt søkt om dispensasjon til bruk i avlssesongen 2015.

Vedtak:
Styret innvilgar dispensasjon for bruk av hingsten Reita Balder for avlssesongen 2015 på bakgrunn av innsend dokumentasjon/vet.attest.

Sak 45/15: Gjennomgang/oppsummering av hingsteutstillinga 2015
Styret drøftar og oppsummerer utstillingsveka, der hensikta er å nytte årets erfaringar i planleggingsarbeidet for neste år.

Vedtak:
Det blir utarbeidd ei oppsummering etter utstillingsveka. Norsk Hestesenter får oversendt rapport. Oppsummeringa blir teken med i planlegginga av utstillinga neste år.

Sak 46/15: Styremøte under NM for Fjordhest på Stav
Tidfesting av styremøte i løpet av NM for Fjordhest 2015.
Fordeling av styret sine oppgåver under NM.

Vedtak:
Styremøte på Stav 10. juli.
Møte i avlsutvalet. Møte i marknadsføringsutvalet og aktivitetsutvalet.

Sak 47/15: Bruksprøvesystemet – høyringsrunden
Leiar orienterer om vidare arbeid med utvikling av bruksprøvesystemet.

Vedtak:
Arbeidet er verdifullt og bør vidareførast i arbeidsgruppa. Janne tek saka vidare med leiar i arbeidsgruppa.
Styret ønskjer frivillige prøver denne sesongen på utvalde utstillingar.
Høyringa blir teken vidare inn i arbeidsgruppa som arbeider vidare med dette. Oppsummeringa blir lagt på nett.

Sak 48/15: Eventuelt
Forsking på innavl i fjordhestpopulasjonen – forskingsprosjekt ved NMBU v/Nils Ivar Dolvik og Gunnar Klemetsdal.

Vedtak:
Styret arbeider for å marknadsføre prosjektet betre og vil følgje prosjektet vidare.

Sak 49/15: Vedrørande søknader om momskompensasjon frå underledd (lokal-, distrikts- eller fylkeslag)
Ved eit tilfelle tidlegare har underledd søkt om momskompensasjon via landslaget, noko som medførte at Norges Fjordhestlag vart pålagt offentleg godkjend revisor. Dette gav NFL ein kostnad på kr 14000,- i fjor. Dette er ein kostnad som NFL ikkje kan pådra seg i framtida.

Vedtak:
Dersom underledd ønskjer å søkje om momskompensasjon via Norges Fjordhestlag, vil dette medføre ein kostnad med godkjend revisor for landslaget. Dette er ein kostnad som landslaget ikkje har økonomisk høve til å ta på seg. Underleddet må difor ta kostnaden ved dette, dersom dei søkjer om momskompensasjon via landslaget.

Sak 50/15: Orienteringssak

E-post genressursutvalet – vil ha møte med NFS i dialog med NFL – kven skal bidra i arbeidet med bevaring – kven skal delta på neste møte (skissert i beg. av juni på Ås eller på Gardermoen). Tre raselag og tre senter invitert.

Møtet slutt: 22.30
Nordfjordeid 11.05.2015
Anne-Karin Løken
referent