Norges Fjordhestlag arrangerar Haustmøte og årsmøte 9.-11. oktober 2020 på Skei i Jølster. 

Norges Fjordhestlag sitt årsmøte vert alltid arrangert under hingsteutstillinga på Nordfjordeid i mai, men på grunn av restriksjonar grunna koronapandemien lot ikkje årsmøtet seg gjennomføre. Styret har vald å i staden arrangere årsmøte i samband med Haustmøtet.

Haustmøtet og årsmøtet vert arrangert på Thon Hotell Jølster på Skei i Jølster 9.-11. oktober 2020. Fredag ettermiddag er sett av til årsmøte. Vi oppmodar alle fylkeslag til å sende inn liste over sine utsendingar til post@fjordhest.no så snart dette er bestemt.

Skei i Jølster ligg sentralt til i krysningspunktet mellom Førde, Sogndal og Nordfjordeid. Det er kort veg til både Bringeland lufthamn i Førde og Anda lufthamn på Sandane. Det er planar om å setje opp transport frå desse flyplassane i høve Haustmøtet.

Vi kjem sjølvsagt til å ta alle forholdsreglar med tanke på koronasmitte, og møtet vert gjennomført i tråd med gjeldande retningslinjer frå myndigheitene. Dersom det skulle komme endringar i retningslinjene som gjer at ei slik samling ikkje vil la seg gjennomføre, vil årsmøtet verte avhalde digitalt.

Vi kjem tilbake med fullstendig program for Haustmøtet og påmeldingsinformasjon så fort dette er klart. Set av helga allereie no – og begynn å gle deg til ei triveleg fjordhesthelg på Skei!