Avlsfremjande midlar frå Norges Fjordhestlag 2026

 Dette er tilskota ein kan søke på i 2026:

Tilskot til jamnare genetisk bidrag

Lokallag i Norges Fjordhestlag som kjøper eller leiger hingst vil i 2025 kunne få kr. 20 000 i støtte. Lag kan få støtte til fleire hingstar. Følgjande krav gjeld for å kvalifisere til tilskot:

  • Tilskotet omfattar alle førstegangskåra hingstar, samt hingstar maks 8 år som er kåra eller premiert med vekt på stamme eller farge.
  • Hingsten må vere tilgjengeleg på slepp eller stasjon i minst 6 veker.
  • Hingsten må bedekke 1-12 hopper.
  • Hingsten må vere registrert som lagshingst i hingstekatalogen seinast 1. juni, eller så fort etter dette det er gjort avtale om leige/kjøp av hingst. Vi oppmodar også lokallag til å promotere lagshingsten i eigne kanalar.
  • Dersom hingsten vert brukt på hopper der forventa innavslgrad på avkommet overstig 12,5%, kan tilskotet bil avkorta. 
Kopi av bedekningslister og leige-/kjøpskontrakt skal sendast til Norges Fjordhestlag på e-post post@fjordhest.no seinast 1. oktober 2026. 

     Tilskot til bedekking av unge hopper

    • 3-årshopper med sløyfe eller premiegrad: 1500 kr
    • Premierte 4- og 5-årshopper: 1500 kr
    • Hoppa treng ikkje vere premiert på bedekningstidspunktet, men må ha premiegrad innan søknadsfristen 1. oktober

    Tilskot til bevaring av genetisk variasjon

    • Premierte hopper 6 år og eldre med maks to registrerte avkom: 1500 kr
    • Hoppa treng ikkje vere premiert på bedekningstidspunktet, men må ha premiegrad innan søknadsfristen 1. oktober

    Tilskot til bevaring av stamme

    • Hopper med 1. premie som blir bedekt med hingst maks 8 år som er kåra eller premiert med vekt på stamme: 6000 kr
    • Hopper med 2. premie som blir bedekt med hingst maks 8 år som er kåra eller premiert med vekt på stamme: 3000 kr
    • Tilskotet omfattar hingsten Endalen.

    Tilskot til bevaring av farge

    • 1. premiehopper som blir bedekt med raudblakk, gulblakk, ulsblakk eller grå hingst på maks 8 år: 5000 kr
    • 2. premiehopper som blir bedekt med raudblakk, gulblakk, ulsblakk eller grå hingst på maks 8 år: 3000 kr
    • Det vert ikkje gitt tilskot til kombinasjonar der avkommet kan bli blåaugd kvit (uls-/gulblakke hopper til uls-/gulblakk hingst).
    • Tilskotet omfattar hingstane Sjangsis Elvin, Juvel Prinsen, Valegrå og Svingelens Gråne.

    Ein må vere medlem i Norges Fjordhestlag for å kunne motta tilskot. Alle tilskota har søknadsfrist 1. oktober 2026.

    Gå til søknadsskjema for avlstilskot for hoppeeigarar

    Gå til søknadsskjema for avlstilskot for lokallag

     

     

    SPONSORAR

    advertisement advertisement