Valnemnda i Norges Fjordhestlag ynskjer innspel på personar som kan vere egna til å sitte i styre og utval i Norges Fjordhestlag.

Valnemnda i Norges Fjordhestlag held no på med sitt årlege arbeid i forkant av årsmøtet i organisasjonen, og ynskjer innspel frå lokallag og medlemmar på personar som kan egne seg til å vere med i styre og utval i Norges Fjordhestlag. Kjenner du eller laget ditt til nokon som har engasjement for fjordhesten og kunne passa til verv i organisasjonen?

Kontakt leiar i valnemda, Jenny W. Johnsen på e-post johnsen.jenny@gmail.com eller tlf.: 900 68 187