Norges Fjordhestlag sitt årsmøte for 2021 vart arrangert digitalt søndag 2. mai. Årsmøtet valde nytt styre for organisasjonen.
Styret i Norges Fjordhestlag har sidan årsmøtet i 2020 bestått av leiar Hege Sæther Moen, Ingvild Rydjord Hansen, Maren Kveen Løken, Ben Helmervik, Vidar Heggheim, Giljar Groven (1. vara) og June Cecilie Horntvedt (2. vara). Leiar og vararepresentantar er på val kvart år, og i tillegg var Vidar Heggheim og Ben Hjelmervik på val i 2021. Hege Sæther Moen, Vidar Heggheim, Giljar Groven og June Cecilie Horntvedt tok alle attval, og vart samrøystes valde. Ben Hjelmervik takka nei til attval, og valnemda si innstilling til nytt styremedlem, Anne-Karin Høgalmen, vart samrøystes vald.
Ben Hjelmervik har vore medlem av styret i Norges Fjordhestlag sidan 2017. Han har vore svært engasjert i marknadsføring av fjordhesten, og har i tillegg til å vere styremedlem også vore leiar av marknadsføringsutvalet. Norges Fjordhestlag er svært takksame for den innsatsen Ben har lagt ned i arbeidet i organisasjonen gjennom desse åra.
Som nytt styremedlem vart Anne-Karin Høgalmen vald inn. Anne-Karin er 49 år og busett i Stryn med mann og tre born. Ho er utdanna vernepleiar, med etterutdanning innan jus, leiing og rus. Fjordhesten har vore ein viktig del av Anne-Karin sitt liv sidan ho var lita, og allereie som 13-åring hadde ho sommarjobb som kusk i Briksdalen. Anne-Karin ser fram til å ta fatt på arbeidet i styret i Norges Fjordhestlag, og ynskjer mellom anna å arbeide for auka aktivitet i lokallaga og for meir bruk av hest i sosialt arbeid.