Avlsfremjande midlar frå Norges Fjordhestlag 2025
På grunn av ein pressa økonomisk situasjon hos Norsk Hestesenter, har Norges Fjordhestlag ikkje fått ordinære avlsmidlar i 2025. Gjennom prosjektet «Genetisk variasjon hos fjordhesten» (les meir om prosjektet her) har vi høve til å stimulere til avl som tek vare på genetisk variasjon, som skissert i prosjektet. Dette er grunnen til at årets kriterie for tildeling av avlsmidlar er endra samanlikna med tidlegare år.
Dette er tilskota ein vil kunne søke på i 2025:
Tilskot til jamnare genetisk bidrag
Lokallag i Norges Fjordhestlag som kjøper eller leiger hingst vil i år kunne få kr. 20 000 i støtte. Lag kan få støtte til fleire hingstar. Følgjande krav gjeld for å kvalifisere til tilskot:
- Hingsten kan ikkje ha meir enn 20 norskregistrerte avkom per 01.05.25
- Hingsten må bedekke 1-12 hopper
- Hingsten må vere tilgjengeleg på slepp eller i stasjon i minst 6 veker
- Tilskotet omfattar alle kåra og premierte hingstar f. 2020, 2021 og 2022, i tillegg til Odals Viking, Løkke Safir, Endalen, Råtassen, Vassliås Bruse, Viking Fjord, Myklemo Baronen, Nygårds Gurven, Soltuns Trym, Flemming og Veslefrikk Roman.
Tilskot til bedekking av unge hopper
- 3-årshopper med premiegrad eller sløyfe vert tildelt kr. 1500 i tilskot
- Premierte hopper 4-5 år vert tildelt kr. 1500 i tilskot
- Hoppa treng ikkje vere premiert på bedekningstidspunktet, men må ha premiegrad innan søknadsfristen 1. oktober
- Innavlsgraden på avkommet må ikkje overstige 12,5% for å kvalifisere til tilskot.
Tilskot til bevaring av genetisk variasjon
- 1500 kr. i tilskot til premierte hopper 6 år og eldre som har maks to registrerte føl
- Innavlsgraden på avkommet må ikkje overstige 12,5% for å kvalifisere til tilskot.
Tilskot til bevaring av stamme
- 5000 kr i tilskot til 1. premiehopper som blir bedekt med hingst maks 7 år som er kåra eller premiert med vekt på stamme
- 3000 kr i tilskot til 2. premiehopper som blir bedekt med hingst maks 7 år som er kåra eller premiert med vekt på stamme
- Innavlsgraden på avkommet må ikkje overstige 12,5% for å kvalifisere til tilskot.
- Tilskotet omfattar hingstane Skeidsvolls Torvald, Jakobgardens Luring, Solli Rheo, Endalen og Vassliås Bruse.
Tilskot til bevaring av farge
- 5000 kr i tilskot til 1. premiehopper som blir bedekt med raudblakk, gulblakk, grå eller ulsblakk hingst på maks 7 år
- 3000 kr i tilskot til 2. premiehopper som blir bedekt med raudblakk, gulblakk, grå eller ulsblakk hingst på maks 7 år
- Innavlsgraden på avkommet må ikkje overstige 12,5% for å kvalifisere til tilskot.
- Det vert ikkje gitt tilskot til kombinasjonar der avkommet kan bli blåaugd kvit (uls-/gulblakke hopper til uls-/gulblakk hingst).
- Tilskotet omfattar hingstane Jakobgardens Luring, Zildar van den Bosdries, Almas Oker og Sjangsis Elvin.
Ein må vere medlem i Norges Fjordhestlag for å kunne motta tilskot. Alle tilskota har søknadsfrist 1. oktober 2025. Det vil publiserast eit søknadsskjema på denne sida som skal nyttast.
