Resultat frå køyreprøver
Alle dei ukåra hingstane gjennomførte fredag sine obligatoriske køyreprøver.
Alle dei ukåra hingstane gjennomførte fredag sine obligatoriske køyreprøver.
Hingstane som er med på utvida bruksprøver gjennomførte i går sine prøver i dressur- og arbeidskøyring, og resultata frå testen er no klare.
Åtte hingstar er inne til utvida bruksprøver under årets hingsteutstilling. I dag vart testen opna med laushopping og rideprøver.
Åtte hingstar er inne til utvida bruksprøver under hingsteutstillinga 2018. Sju av desse var kåra i fjor, den siste var kåra i 2016. To av hingstane er fem år, dei andre er fire år gamle. Hingstane skal visast i laushopping, riding, dressurkøyring og arbeidskøyring.
Utstillingsringane er sett opp. Både fjordhest og fjordhestfolk strøymer til Eid, som er pynta med fjordhestbannerar. Stemninga er stigande. Det er klart for årets vakraste eventyr og verdas største fjordhestfest – hingsteutstillinga på Nordfjordeid.
Norges Fjordhestlag, Nordfjord Fjordhestlag v/utstillingsnemnda og Norsk Fjordhestsenter ynskjer alle varmt velkomne til hingsteutstillinga 1. – 5. mai 2018 på Nordfjordeid. Det er meldt 30 hingstar, og vi ser fram til ei flott utstilling.