
Prosjekt Kvalitetshest: Invitasjon til utdanning av unghest
Mange ønskjer å kjøpe ferdig utdanna hestar av dei nasjonale hesterasane, men vi har ikkje nok slike hestar å tilby marknaden. Norsk Fjordhestsenter og raseorganisasjonane for dei tre nasjonale hesterasane vil difor setje i gong eit prosjekt som heiter Prosjekt Kvalitetshest, som skal utdanne unghest for sal. Forprosjektet til Prosjekt Kvalitetshest er sett i gong ved Norsk Fjordhestsenter, der ein prøvar ut opplegget med å ta unghest inn til utdanning. Kan dette vere aktuelt for din hest?