av Ingvild Rydjord Hansen | des 17, 2017 | Prosjekt Kvalitetshest, Siste fjordhestnytt |
Sidan oktober har seks unghestar av dei tre nasjonale hesterasane vore på Norsk Fjordhestsenter til trening. Dei har delteke i eit forprosjekt til «Prosjekt Kvalitetshest», som vart avslutta laurdag med ein sals- og visningsdag der publikum fekk sjå kva hestane har lært desse vekene.
av Ingvild Rydjord Hansen | des 9, 2017 | Barnas Fjordhestlag, Siste fjordhestnytt |
I november arrangerte Eid fjordhestlag Barnas Fjordhestdag på Løken Aktivitetsgard, der borna fekk lov til å stelle med fjordhest, klappe, kose, pusse og ri. Dei fekk køyre med hest og vogn og kose seg med dei andre dyra på garden.
av Ingvild Rydjord Hansen | des 2, 2017 | Prosjekt Kvalitetshest, Siste fjordhestnytt |
Mange ynskjer å kjøpe seg fjordhest, dølahest eller nordlandshest/lyngshest, men dei aller fleste har eit krav om at hesten dei kjøper skal ha ei viss utdanning. Oppdrettarar rundt om i landet har unghestar til sals, men desse manglar ofte utdanning for å kunne verte...
av Ingvild Rydjord Hansen | nov 28, 2017 | Njålsmerket, Siste fjordhestnytt |
Her kan du lese Njålsmerket for november.
av Ingvild Rydjord Hansen | nov 15, 2017 | Prosjekt Kvalitetshest, Siste fjordhestnytt |
Mange ønskjer å kjøpe ferdig utdanna hestar av dei nasjonale hesterasane, men vi har ikkje nok slike hestar å tilby marknaden. Norsk Fjordhestsenter og raseorganisasjonane for dei tre nasjonale hesterasane vil difor setje i gong eit prosjekt som heiter Prosjekt Kvalitetshest, som skal utdanne unghest for sal. Forprosjektet til Prosjekt Kvalitetshest er sett i gong ved Norsk Fjordhestsenter, der ein prøvar ut opplegget med å ta unghest inn til utdanning. Kan dette vere aktuelt for din hest?
av Ingvild Rydjord Hansen | nov 7, 2017 | haustmøte, Siste fjordhestnytt |
Årets Haustmøte er over, og deltakarane hadde ei flott helg med fagleg påfyll og sosialt samvær med andre hestefolk. Haustmøtet vart i år arrangert av Norges Fjordhestlag og Landslaget for Dølahest på Scandic Hafjell i Øyer 3.-5. november.