Beste Unge Fjordhest – BUF

Beste Unge Fjordhest – BUF – kan sjåast på som Norges Fjordhestlag sitt svar på Breeders Cup. BUF er ein del av Fjordhest-NM, og består av tre stemneklasser for kvar årgang av 4-, 5- og 6-åringar. Hensikta er å stimulere til avl og omsetjing av unghest, riktig trening av hesten og tilstrekkeleg bruk av unge fjordhestar. 

Hestane konkurrer i bestemte klasser i sprang, dressur og køyring, og vert premiert i samandraga BUF 4 år, BUF 5 år og BUF 6 år. BUF har eigne statuttar.

Utmerkingar

Norges Fjordhestlag ynskjer å premiere hopper og hingstar som avler gode brukshestar, og har eigne utmerkingar til foreldredyr som har avkom som er premierte i BUF. 

Oppdrettar- og avkomspremiane som vert delt ut i samband med BUF er:

  • Utmerking til oppdrettar av beste norskfødde 4-, 5- og 6-åring  (Delast ut i etterkant av NM) 
  • Hingsteeigar mottek ei utmerking når ein hingst oppnår fem plasserte avkom i BUF
  • Hoppeeigar mottek ei utmerking når ein hingst oppnår 2 plasserte avkom i BUF

For dei to siste utmerkingane gjeld følgjande presiseringar: 

  • Utmerkinga tildelast den som er registrert som eigar av hingst/hoppe på det tidspunktet hesten oppnår nok BUF-premierte avkom
  • Tal på plasserte avkom teljast ut frå unike individ, eit avkom tl ein gong sjølv om det vert plassert i fleire BUF-samandrag