Nordisk for fjordhest

 

Nordisk Meisterskap for fjordhest skal fremje allsidig og særskilt bruk av fjordhest i Norden, samstundes som det skapar kontakt og fellesskap mellom dei nordiske landa sine fjordhestmiljø.

Konkurransen består av ulike ride- og køyreøvingar tilpassa fjordhesten sin eigenart. Dei deltakande landa er Noreg, Sverige, Danmark og Finland. Stemnet vert halde annakvart år, og går på rundgang mellom arrangørlanda. Det er laga eigne statuttar for meisterskapen.

Nordisk vart for første gong arrangert som ein prøvemeisterskap i Drammen i 1999. Den første offisielle meisterskapen vart arrangert i Oslo i 2000, etterfulgt av Danmark i 2001. Etter dette fekk stemnet fotfeste, og har vorte arrangert annakvart år sidan.

Stemneforma og meisterskapa har endra seg noko undervegs. I starten vart det kåra allround junior og senior, medan det  i dag er totalt seks meisterskap – lag, allround, dressur, sprang og køyring enbet og tospann. Fleire av desse kan delast i junior og senior ved nok deltaking.

 

Nordiske meisterskap:

  • 1999 Prøve-Nordisk Nedre Buskerud Fjordhestlag, Drammen/Norge
  • 2000 Oslo & Akershus Fjordhestlag og Ekeberg Rideklubb, Oslo/Norge
  • 2001 Danmarks Fjordhesteforening, Syd-Jylland/Danmark
  • 2003 Bohuslän/Dals Fjordhästförening, Brålanda/Sverige
  • 2005 Oslo & Akershus Fjordhestlag og Ekeberg Rideklubb, Oslo/Norge
  • 2007 Danmarks Fjordhesteforening, Ågerup Ridecenter/Danmark
  • 2009 Svenska Fjordhästforeningen, Vaggeryd/Sverige
  • 2011 Oslo & Akershus Fjordhestlag, Starum/Norge
  • 2013 Fjordhesten Danmark, Birken/Danmark
  • 2015 Svenska Fjordhästforeningen, Vaggeryd/Sverige
  • 2017 Borge Rideklubb & Østfold Fjordhestlag, Fredrikstad/Norge
  • 2019 Fjordhesten Danmark, Vilhelmsborg/Danmark