Avlsutvalget
Avlsutvalet er styret sitt rådgjevande organ innan utstilling og avl. To av utvalet sine medlemmar og ein varamedlem blir valde av årsmøtet, i tillegg vel styret eit medlem og utpeikar leiar av utvalet.
Avlsutvalet har fleire faste fysiske møter gjennom året rundt utstilling og haustmøte, men møte på Skype eller telefon er og ofte nytta. Les meir om avlsutvalet sitt arbeid under lista over utvalsmedlemmer.
Leiar:
Vidar Heggheim
6817 Naustdal
Tlf: 971 51 649
vidar_heggheim@hotmail.no
Medlem:
Stine Samsonstuen
Grøteveien 1
1708 Sarpsborg
47 06 01 95
stine.samsonstuen@gmail.com
Medlem:
Ingrid Øyhus
Briskebyvegen 104
2930 Bagn
90632199
ingridoyh@hotmail.com
Vara:
Knut Skubberud
Avlsutvalets arbeidsform og hovudoppgåver
Avlsutvalet har en viktig rådgivande funksjon for styret i Norges Fjordhestlag i saker som angår avl og utstilling. Utvalet kan sjølv fordele oppgåver og ansvarsoppgåver til sine medlemmer. Faglege råd og dialog med Norsk Hestesenter og Norsk Fjordhestsenter i saker som ligg innan avlsutvalets område skjer direkte utan å gå via styret så lenge det er i tråd med føringar vedtatt av styret.
Avlsplanen for Fjordhest er eit svært viktig dokument for oppdrettarar, utstillarar, dommarar og tillitsvalde. Avlsutvalet har ei viktig rolle ved revideringa som skjer kvart 4. år, endringar som blir gjorde og ettersjå korleis avlsplanen blir nytta i praksis i avl og utstilling.
Hingsteutstillinga er ei av dei viktigaste oppgåvene gjennom året med hjelp til planlegging, og gjennomføring av utstillinga. Utvalet vel en person som rådgir arrangør og kåringsnemnd ved behov.
Utstillingar er arrangerte over heile landet og avlsutvalet er tilgjengeleg med informasjon og rådgjeving til arrangørar, utstillarar og dommarar. Landsfinalen for unghest er eit viktig tiltak som avlsutvalet er engasjert i.
Oppdrettar og utstillingsoppgjer med utdeling av pokalar til beste oppdrettar og utstillar kvart år. Ein i avlsutvalet har hatt ansvaret for dette i lag med styret.
Bruksprøver– avlsutvalet har en viktig rolle i å vurdere om bruksprøvene tener det tenkte målet for seleksjon og avl, og rådgir styret ved evalueringer av reglementet.
Haustmøte og årsmøtet er ein arena som avlsutvalet presenterer sitt arbeid og har informasjon om avlsrelaterte tema.
Dommarsamlingar har vore arrangert årleg på Norsk fjordhestsenter, og avlsutvalet har delteke og hatt innspel om tema og gjennomføring.
Rådgjeving til avlarar og utstillarar er ei svært viktig oppgåve for avlsutvalet, og ein ønskjer å svare på dei spørsmål medlemar i organisasjonen har.
Avlsfremjande tiltak og tilskotsordningar er viktige stimuli til avl av Fjordhest, og avlsutvalet bidrar med rådgjeving og innstilling til styret på dei ulike ordningane.
Fagkurs og oppdrettarseminar er viktig for avlsutvalet å støtte opp om med innspel på tema og deltaking.
Internasjonalt avlsarbeid er ei viktig oppgåve for avlsutvalet og NFL, og styrkar rolla Norge har som bidrar til at Norge aukar statusen som moderland.
EvA på nett – avlsutvalet kjem med anbefaling om øvre grense for slektskap i populasjonen, i dag er denne på 12,5%.
Tildeling av hoppekvotar – alsutvalet vurderer behovet for å tildelekvoter til kåra og premierte hingstar.
Vurdere individ sitt bidrag i avlen.
Avlsfaglege prosjekter – Avlsutvalet tar del i og initierer nødvendige avlsfaglege prosjekter, slik som hoppe- og hingste-linjeprosjekt, betre drektigheit, genbank m.m.