UTSTILLINGSNEMNDA OG STYRET I NORDFJORD FJORDHESTLAG



    Nordfjordeid/Starum 06.april 2017

    Til alle utstillarar Nordfjordeid 2017

    Hingsteutstilling på Nordfjordeid 2017

    Vi vil med dette ynskje alle utstillarar velkomne til hingsteutstillinga 02.05.-06.05.  på Nordfjordeid. Påmeldinga pr. i dag er på -23- hingstar, og vi ser fram til ei flott utstilling.

    Utstillinga byrjar Tysdag 2.Mai, oppmøte hingstar utvidabruksprøv. Dei andre hingstane startar med mønstring på hardtunderlag, lausmønstring og veterinærundersøkjing på torsdag 4.Mai frå kl 15.30.

    Tinging av stallplassar skjer ved å sende mail til steinarfurnes@hotmail.com eller SMS på 90139957 og at kr. 500,- vert betalt inn på kontonr. 3790 10 55735, alt innan 30.04.17.  Det er viktig at du merker betalinga med ”Hingsteutstilling”, utstiller og hesten sitt namn. Kvittering skal synast ved frammøte. Dei som ikkje let høyre frå seg innan den 30.04.2017, må syte for stallplass sjølve.

    Hingstane som er inne til dei utvida bruksprøvene, skal sjølv avtale oppstalling ved Norsk Fjordhestsenter under utstillinga.

    Det er mogligheit for oppstalling frå tysdag 02.Mai frå kl. 19.00, gi i så fall beskjed om når du kjem. Om ein ynskjer oppstalling utover dette må det avtalast ved reservering av stallplass, og prisen er kr. 50,-/ døgn. Det vil ikkje vere mogligheit for å sette hest på stall mellom kl 24.00 og 08.00, om det ikkje er avtala i god tid på førehand.

    Opplysningar vedr. oppstalling eller anna får du ved å ta kontakt med Steinar Furnes på telefon 90 13 99 57 eller e-post steinarfurnes@hotmail.com

    Ved frammøte vil det verte krevd eit depositum på kr. 100,- for nummerskilt og kr. 300,- for reingjering/tøming av stall. Vaksinasjonskort/hestepass må visast ved frammøte. Hingsten må vere grunnvaksinert og årleg revaksinert eller vere vaksinert i perioden 7-90 dagar før utstillinga. For framvising av gyldig vaksinasjonskort, betaling av depositum og utlevering av nummerskilt er sekretariatet ope Tysdag kl.19.00-21.00, Onsdag kl.15.00-21.00. og Torsdag kl 15.00-20.00 og Laurdag kl.12.00 til det er slutt.  Om du ikkje kan møte i dette tidsrommet er sekretariatet ope etter avtale, kontakt sekretariatsansvarleg Margrehte Garlid på telefon 91 32 66 61.

    Det blir klassevis mønstring( publikumsmønstring) på fredag ettermiddag, her må du (eigar/utstillar) kome med opplysninger om hingstane (.td. tilsalgs, sportsresultater, utleige og liknande.) Desse opplysningane må gjevast til speaker slik at han kan presentere dei under mønstringa.

    Opptoget på laurdag 6.Mai kl 11.30, då vil vi at alle hingstane stiller opp i opptoget.

    Utstillingsnemda vil i år ogsåarrangere travløp for fjordhest på fredag kl 15.00. Vi håpar at det er mange som vil vere med, travløp har vist seg å vere  populert blant publikum og er ein fin måte å få vise fram fjordhesten. Løpet er over to rundar rundt løpebana, med start parvis på kvar si langside. Premiering etter løpet i utstillingsringen. Påmelding til Knut Rasmus Hjelle på SMS 95 23 60 59 eller på e-post knutrahj@gmail.com

    Mvh Olav Rune Seljeset, leiar i utstillingsnemda

    Share This