Norges Fjordhestlag ynskjer å hylle dei som står på for å avle og vise fram gode fjordhestar. På utstillingsmiddagen under hingsteutstillinga på Nordfjordeid fredag, vart prisen for «Årets oppdrettar 2016» delt ut.

    «Årets oppdrettar» for 2016 er Roald Skogland. Han har gjennom ei årrekke avla fram mykje god fjordhest, og i 2016 var han oppdrettar på fire hopper som vart stilt på utstilling. Skogheims Vinda (e. Fjelltor u. Skogheims Vilja) fekk førstepremie og vart stilt som nummer ein i kvalitet på utstillinga i Fræna.

    Skogheims Vilja er også mor til to av dei andre hoppene som vart vist i fjor. Skogheims Silja (e. Rudsmo Råssar) fekk 3. premie, og Skogheims Lilja (e. Merinas Emil) fekk 2. premie og vart stilt som nummer ein i kvalitet. Begge vart vist på jubileumsutstillinga på Stord.

    Den siste hoppa er Skogheims Stella (e. Fjordbækken’s Sidan u. Savanna). Ho var tre år i fjor, og vart først vist på unghestskue på Forus der ho fekk sløyfe og vart stilt som nummer ein i kvalitet. Ho vart også vist i klasse 7 på Stord, der ho fekk andrepremie og sto som nummer tre i kvalitet.

      Skogheims Silja

        Skogheims Lilja

          Skogheims Stella

          Oppdrettaroppgjeret har to prisar: ein for oppdrettar og ein for utstillar. Poenga vert gitt basert på hestar som er vist på utstilling i Noreg i løpet av sesongen. Prisen vert delt ut under festmiddagen på hingsteutstillinga året etterpå. I tillegg til resultat frå utstilling får oppdrettar også poeng for hestar som deltek på NM i samandraga for NM junior, NM senior og samandraga for Beste Unge Fjordhest (BUF).

          Share This