Mange har eit inntrykk av at fjordhestmiljøet stort sett består av «gamle hestekarar», og i mange år har det nok også vore slik. Dei siste åra har det derimot skjedd ei endring, og fjordhestmiljøet er i dag prega av unge kvinner med eit stort engasjement for rasen.

Dei siste tiåra har bruksområdet for fjordhesten endra seg mykje, og fjordhesten skal i dag fungere som ein allsidig hest som kan nyttast i sporten. Han har også eit særs godt lynne som gjer han godt egna til rideskule, terapiriding og som familiehest. Då fjordhesten vart avla til å fungere betre som sportshest vart det fleire kvinner blant fjordhestbrukarane. Seinare gjorde også kvinnene sitt inntog i utstillingsringen, og no er unge kvinner både ivrige brukarar, avlarar og utstillarar av fjordhesten.

    Mange unge kvinner er ivrige brukarar av fjordhesten

    Det tok ei stund frå kvinnene fall for fjordhesten til dette vart synleg i Norges Fjordhestlag. I 2012 vart Janne Seilen vald til den første kvinnelege leiaren i Norges Fjordhestlag. Med sine 27 år var ho også den yngste som nokon gong har hatt dette vervet. I år består styret i Norges Fjordhestlag (inkludert varamedlemmer) av fem kvinner og to menn. Avlsutvalet har tre menn og ei kvinne, marknadsføringsutvalet har to kvinner og ein mann, medan aktivitetsutvalet sine fire medlemmar alle er kvinner.

    Folk både i og utanfor miljøet skildrar fjordhestmiljøet som raust, inkluderande og kunnskapsrikt. Nokre har kanskje ein idé om at miljøet er prega av eldre karar med ein slags angst for fornying, men situasjonen er faktisk heilt motsett. Den fellesskapen ein ser til dømes under hingsteutstillinga på Eid, der unge og gamle, jenter og gutar, kvinner og menn, norske og utanlandske, avlarar og brukarar alle kjenner seg som ein del av noko større, er heilt avgjerande for fjordhesten si framtid.

    «Det er ikkje nokon gamleheim lengre»

    På Lunner, heilt sør i Oppland, bur Kristian Bakken med kone og tolv fjordhestar. Han er kanskje mest kjent for sin kjærleik til og avl på dei grå fjordhestane. Kristian fekk sin første hest, eit dølahestføl, til konfirmasjonen. Han har i mange år arbeidd i barnevernet, og dreiv besøksgard heime på Lunner som ein del av dette. Då fekk han erfare at fjordhesten hadde akkurat dei eigenskapane og det lynnet han trengte hjå ein hest til sitt bruk, og sidan då har det vore fjordhest som gjeld for Kristian.

      Kristian er spesielt glad i dei grå fjordhestane

      Kristian meiner at endringa i fjordhestfolket kom fordi bruken av fjordhesten endra seg. Tidlegare var det arbeidskarane som brukte hesten, og mykje av den jobben hesten gjorde høyrde til «mannfolkyrket». Då hesten gjekk ut av landbruket og vart meir egna som sportshest, var dette noko som passa godt med det jentene ynskte å bruke hesten til. Då var det naturleg at ein også såg ei endring i fjordhestfolket.

      Kristian hugsar godt då dei første jentene viste hingst på Nordfjordeid. I starten vakte det oppsikt, og det kom kommentarar av det meir flåsete slaget, som at «jo kortare skjørt jenta har, jo høgare poeng får hingsten». Kanskje følte gamlekarane seg litt forbigått i starten, men etter kvart såg dei at dette var framtida for fjordhesten. No er det ingen som tenkjer sånn, kjem det ei ung jente leiande på ein hingst i ringen på hingsteutstillinga er dette nesten meir vanleg enn at det er ein mann som held taumane. «Det er ikkje nokon gamleheim lengre» seier Kristian med eit smil.

        Kunnskapsutveksling mellom generasjonane er viktig for å ta vare på kunnskap om fjordhesten. Her ser de noverande og tidlegare leiar i Norges Fjordhestlag.

        Det er gledeleg at ein del av dei yngre ikkje berre er brukarar av fjordhesten, men at dei også ynskjer å avle. Suksessformelen for fjordhesten er at avl og bruk går hand i hand meiner Kristian. At den same personen er både avlar og brukar er eit kjempepluss, for då ser ein lettare kva slags hest ein treng å avle fram. Å prøve å skape eit produkt som ein sjølv vil vere godt nøgd med og kan bruke, aukar hestekunnskapen formidabelt.

        For å sørge for at kunnskapen frå dei eldre går i arv til den yngre garde i fjordhestfolket meiner Kristian at lokallaga må ha større fokus på kunnskapsutveksling. Dei kan til dømes ta i bruk modulane til «Fokus Unghest». Dei eldre har mykje kunnskap om det som er tema der, og dei kan vere med på å formidle dette til nye fjordhestinteresserte.

        Kristian var leiar i Norges Fjordhestlag frå 2009-2012. Då han skulle overlate roret til andre, var det eit ynskje frå han at det var eit yngre menneske som tok over – gjerne ei kvinne. Han opplevde noko skepsis til dette i starten, men den skepsisen har no fordufta frå dei fleste. Kristian meiner at Norges Fjordhestlag sine tillitsvalde må ha ei breidde i både kjønn og alder, for å utnytte det varierte miljøet vi har.

        «Det gode miljøet er avgjerande for rasen si framtid»

        «I Norges Fjordhestlag jobbar vi på lag for fjordhesten» seier leiar Janne Seilen. Ho meiner det er høg takhøgde for synspunkt og meiningar i organisasjonen, og at dette er noko av grunnen til at fjordhestmiljøet vert oppfatta som raust og inkluderande. «Enkeltsaker er ikkje så viktig, der kan vi gjerne vere ueinige og ta ein frisk debatt» seier ho. «Det som gjer at vi arbeidar så godt ilag er at alle har det same målet – å gjere det som er best for fjordhesten». Ei slik haldning kjem ein truleg langt med, og å vere open og inkluderande mot nye medlemmer gjer at ein får utvida horisonten. Sjølv om det er mykje tradisjon knytt til fjordhesten betyr ikkje dette at ein heng att i fortida, tradisjonane kan halde fram og vere med på å styrke miljøet.

          Engasjerte fjordhestfolk er ynskja i fjordhestmiljøet – uansett alder

          Det gode miljøet rundt fjordhesten er avgjerande for rasen si framtid, meiner Janne. Den rekrutteringa ein har sett dei siste åra har bidrege til eit større fjordhestmiljø, og folk er interesserte i å vise fram fjordhesten til nye folk. Vi har ein fantastisk rase og eit flott miljø, og ved å vise fram dette og invitere inn nye, vil vi styrke både miljøet og fjordhesten. Fjordhesten er heilt avhengig av miljøet rundt for å overleve.

          Dei eldre sit på mykje kunnskap som ikkje utstillingssystemet eller datamaskiner kan svare på. For å få vite dette, må ein snakke med folk. Janne meiner at for å bevare denne kunnskapen må vi utvikle systema våre på ein slik måte at det kan dokumenterast gjennom dei. Munnleg overføring av kunnskap er også viktig. Fjordhestfolket må snakke med kvarandre og vere opne for andre sine synspunkt og erfaringar. Ho oppfordrar også dei eldre som i dag driv med fjordhest til å halde fram, fordi det arbeidet dei gjer er veldig verdifullt for rasen. Ein fjordhest som står på garden og får eit føl i ny og ne er like verdifull som ein hest som er på NM. Det skal vere plass til alle i fjordhestmiljøet, uansett alder, kjønn eller kva ein likar å bruke fjordhesten til.

          Janne har også ei oppfordring til lokallaga. Norges Fjordhestlag er ingenting utan aktive lokallag, og aktivitet i lokallaga skaper rekruttering. Norges Fjordhestlag ynskjer å hjelpe dei lokallaga som slit med rekrutteringa, fordi det er på lokalt nivå at det er enklast og viktigast å få med nye fjordhestfolk.

            Rekrutteringa som foregår i lokallaga er veldig viktig for Norges Fjordhestlag

            «Eit miljø som held saman»

            Arne Eide har vore eksteriørdommar i ei årrekkje, og i år dømte han på hingsteutstillinga for siste gong. Han har sett inntoget av kvinnene frå innsida av ringen på Nordfjordeid, og har berre positivt å seie om at fjordhestmiljøet no er prega av yngre krefter. Han hugsar spesielt godt då spisshingsten i 1979, Sølvaren, vart mønstra av Synneva Hus. På den tida var det langt mellom kvinnene i utstillingsringen.

            «Skilnaden på ein hingst vist av ei ung kvinne og ein vist av ein mann er ikkje så stor» seier Eide. Dei unge har lært av dei eldre, og er like flinke til å handtere og vise fram hestane sine. «Den einaste skilnaden er kanskje at jentene er endå litt flinkare til å pusse hestane sine» ler han.

              Unge kvinner i utstillingsringen er ikkje lengre eit sjeldan syn

              For Arne Eide er det viktig at alle får vere med i fjordhestmiljøet – vi må halde fram med å vere rause og inkluderande. Dei eldre har mykje å lære av ungdommen – og omvendt – og vi må ta vare på alle som ynskjer å arbeide for fjordhesten uansett alder og kjønn. «Spesielt dei siste åra har fjordhestmiljøet vorte fantastisk fint. Det er ikkje prega av sjalusi og misunning – det er eit miljø som held saman.»

              På grunn av aldersgrensa for dommarar har Arne Eide i år dømt si siste hingsteutstilling. Han seier det blir rart å skulle stå på utsida av ringen neste år, men at det også vert litt godt å kunne vere ein «vanleg hestekar».

              Eit felles mål

              Situasjonen vi har blant fjordhestfolket nett no er ganske unik. Vi har eldre hestekarar som har drive med fjordhest i ein mannsalder, og som sit på uvurderlig kunnskap om både bruk og avl av fjordhesten. Vi har yngre kvinner med nye idear og eit brennande engasjement for rasen. Alle har det same målet – å gjere det som er best for fjordhesten. Dette skaper eit veldig godt utgangspunkt for kunnskapsutveksling og godt arbeid for rasen vår. Ein ting eg som artikkelforfattar har bitt meg merke i når eg har snakka med folk om dette, er at dei yngre er veldig klare på at vi må ta vare på den kunnskapen dei som har drive med fjordhest lenge sit på. Den er absolutt ikkje utdatert – det ein lærer av å halde på med fjordhest i årevis vil alltid vere aktuelt for rasa si framtid. Dei eldre er derimot opptatt av å lytte til dei nye kreftene og deira innspel. Denne innstillinga trur eg er det beste utgangspunktet vi kunne hatt for eit folk som jobbar for fjordhesten sitt beste.

               

                Fjordhestfolket har alle eit felles mål – å gjere det som er best for fjordhesten

                Share This