No kan du ta del i fjordhestmiljøet uansett kvar du er – Norges Fjordhestlag har fått si eiga Facebook-gruppe!

Norges Fjordhestlag har lenge hatt ei Facebook-side der vi postar oppdateringar frå nettsida, informasjon om fjordhestarrangement og aktuelle saker i organisasjonen. Gjennom den nye gruppa har medlemmane våre – og alle andre fjordhestinteresserte – fått eit høve til å dele sine eigne erfaringar med fjordhesten, og å diskutere tema som opptek dei.

Marknadsføringsutvalet er ansvarlege for Facebook-gruppa, og dei andre tillitsvalde i organisasjonen er også medlemmer slik at dei kan svare på eventuelle spørsmål som måtte dukke opp.

Vi håper at denne gruppa kan vere med på å styrke samhaldet mellom fjordhestfolket, og gi ei moglegheit til å verte kjent med fjordhestfolk frå andre stadar i landet. Fjordhestmiljøet har fått mykje skryt for å vere raust og inkluderande, og vi ynskjer at dette også er ord som skal skildre den nye gruppa.

Her finn du gruppa «Norges Fjordhestlag»
Bli med, då vel!

    Share This