Norges Fjordhestlag har fått innvilga 322 637 kroner i Frifondmidlar for 2017. Pengane skal brukast til fjordhestaktivitetar for born og unge i lokallaga.

av Ingvild Rydjord Hansen

Frifondmidlar er ei støtteordning for aktivitetar til born og unge i Noreg som vert administrert av Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU). Dette er første gongen Norges Fjordhestlag søkjer om og får innvilga Frifondmidlar.

Styret i Norges Fjordhestlag er særs glade for at ein så stor sum har vorte tildelt organisasjonen. «Dette er verkeleg ei gladmelding!» seier leiar Janne Seilen. «Dette vil bidra til auka aktivitet i lokallaga, noko som er bra for både lokallaga, fjordhesten si framtid og dei ungane som får gode opplevingar med fjordhesten. Vi er særs glade for dei midlane vi har vorte tildelt!»

    Arbeid og aktivitet i lokallaga er heilt avgjerande for Norges Fjordhestlag. Det er i lokallaga størsteparten av rekrutteringsarbeidet vert gjort, og mange eldsjeler legg ned stor innsats for å fremje fjordhesten. Stram økonomi kan gjere det utfordrande for lokallaga å arrangere aktivitetar, men når laga snart kan søke om støtte til aktivitetar for born og unge vil dette verte mykje enklare. «Aktivitet avlar aktivitet, og vi håper at Frifondmidlane fører til meir aktive lokallag og fleire medlemmar som får glede av fjordhesten» seier Janne Seilen.

    I 2016 kom Norges Fjordhestlag med ei ny, stor satsing – Barnas Fjordhestlag. Norges Fjordhestlag har òg ein eigen kontingent for medlemmar opp til 25 år. Til saman har Norges Fjordhestlag om lag 230 medlemmar under 26 år, og aktivitetar for barn og unge er eit veldig viktig tiltak for framtida for fjordhesten. Norges Fjordhestlag er avhengige av at nye kjem til i miljøet – vi treng folk som kan drive med avl og bruk av fjordhest i framtida. På grunn av tildelinga av Frifondmidlane vil vi kunne tilby enno fleire aktivitetar til born og unge, noko som forhåpentlegvis vil auke talet på fjordhestentusiastar og brukarar av rasen.

    Gjennom forsking har ein slått fast at hest har positiv effekt på born og unge. Hesten er ein god ven som ikkje dømer ut i frå korleis du ser ut eller kor myke pengar du har – alle er gode nok for hesten. Det å få handtere eit så stort dyr gir borna meistringskjensle samt betre sjølvkjensle og sjølvtillit. I studiar ser ein at dei som veks opp med hest rundt seg ofte vert gode leiarar, sjølvstendige og flinke til å ta avgjersler.

      Det gode lynnet til fjordhesten gjer han til ei flott rase for born og unge. Han har eit venleg uttrykk, og storleiken er liten nok til at born kan handtere han på eiga hand og stor nok til at vaksne kan ri og køyre han. Dette gjer fjordhesten til ein hest som heile familien kan ha glede av. Norges Fjordhestlag er veldig glade for at enno fleire no kan få positive opplevingar med fjordhesten.

      Styret i Norges Fjordhestlag og arbeidsgruppa for Barnas Fjordhestlag arbeider med framlegg til retningslinjer for tildeling av Frifondmidlar til lokallaga. Alle lokallag i Norges Fjordhestlag vert oppmoda til å søkje om støtte. Det er mange aktivitetar ein kan arrangere for born og unge, til dømes aktivitetsdagar, ridekurs, køyrekurs, stellekurs, Skeid, medlemskveldar og juniorsatsing mot NM. Så snart vi har meir informasjon om søkeprosess vil dette verte tilgjengeleg på våre nettsider

      Frifondmidlane er årlege tildelingar, og Norges Fjordhestlag har planar om å søkje att for seinare år. Dette gjer at laget no kan ha ei langsiktig satsing på fjordhestaktivitetar for born og unge.  «Meir fjordhest til folket er bra for både fjordhesten og folket!» seier Janne Seilen.

      Share This