Første konkurransedag under Nordisk meisterskap for fjordhest er over, og dei norske ekvipasjane har levert gode resultat.

Tekst: Ingvild Rydjord Hansen og Lisbeth Strandum
Foto: Astrid Marie Årdal

Etter ein høgtideleg og flott opningsseremoni i går var det i dag klart for dei første klassene under Nordisk meisterskap for fjordhest. På programmet i dag sto dressurriding og dressurkøyring.

Den første klassa som gjekk av stabelen var FEIs lagprogram for children, som er første avdeling i Nordisk Allround Senior. Klassa hadde ni startande, og det var stor stas for publikum at det vart to norske plasseringar. Annike Josefine Mikkelsen og Blåtopps Aron vann klassa med 65,4%. Nummer to vart Karina Blaabjerg og Stald Kiels Lyst frå Danmark, og nummer tre vart norske Cassandre Bach-Gansmo og Flemming.

Annike Josefine Mikkelsen og Blåtopps Aron (NOR) Foto: Astrid Marie Årdal

Klasse nummer to var FEIs innledende program for children, som er første avdeling i Nordisk Dressur Junior. Her tok dei to danske startande begge plasseringane, men alle dei norske ekvipasjane rei til over 60%. Vinnar av klassa var Ida Marie Veilis og Højgaards Fronar. Beste norske ekvipasje vart Victoria Engøy Lien og Pryd Skovå på tredjeplass.

Ida Marie Veilis og Højgaards Fronar (DEN) Foto: Astrid Marie Årdal

Dei danske ekvipasjane gjorde det også godt i FEIs innledende program for ponnier, som er første avdeling i Nordisk Dressur Senior. Vinnar i klassa var Karina Blaabjerg og Stald Kiels Lyst, og både andre- og tredjeplassen gjekk til danske ekvipasjar. Beste norske ekvipasje var Kristin Vinsrygg og Solsidens Alar, som enda på 4. plass av 15 startande.

Karina Blaabjerg og Stald Kiels Lyst (DEN) Foto: Astrid Marie Årdal

Den siste klassa ut var ei køyredressurklasse, FEI-test 2A. Danske Karina Blaabjerg hadde tydelegvis ein veldig god dag, og vann denne klassa med hesten Bounty. Dei norske ekvipasjane tok de neste fire plassane, og best av dei var Erik Holmin og Stald Kiels Makker som fekk sløyfe med ein fin andreplass.

Karina Blaabjerg og Bounty (DEN) Foto: Astrid Marie Årdal

Andre avdeling av dressurmeisterskapane går på laurdag. Allround senior skal starte 80 cm sprang på fredag og middels presisjon på søndag. Dei som startar køyring har att middels maraton på laurdag og middels presisjon på søndag. Noreg har mange ekvipasjar som allereie ligger godt an i samandraga sine.

Sjølv om Østfold har hatt mykje fint vær i sommar har regn og skyer hengt tungt over stevneplassen i dag. Det legg likevel ingen dempar på stemninga. Vi får rapportar om positive, glade folk som har det gøy på Nordisk, så det vert spennande å følgje med vidare i konkurranseveka.

Fullstendige resultatlister og startlister for resten av veka finn du her.