Norges Fjordhestlag vil saman med arrangørklubben Askim Rideklubb ynskje alle hjarteleg velkomne til Norgesmeisterskap for fjordhest på Askim Hestesportsenter.

Noregsmeisterskapen for fjordhest er eit stort stemne som varer ei heil veke. Gjennom veka skal det konkurrerast i dressurridning, dressur-, presisjon- og maratonkøyring, feltritt og sprangridning. Arrangørane har også laga til ei uoffisiell utstilling.

Opningsseremonien går føre seg i kveld, måndag 31. juli kl. 19.00. Konkurransane startar i morgon, tysdag. Dressurridning er først på programmet, og klassene LC, LB og LA går av stabelen den første dagen. Det er mange startande i kvar klasse, til saman skal heile 84 ekvipasjar i ilden i morgon.

Det kjem deltakarar og fjordhestar frå heile landet for å delta. 40 klubbar er representerte, med totalt 113 ekvipasjar påmeldt. Sidan NM er eit landsstemne, må alle som skal delta kvalifisere seg på førehand. Deltakarane kan melde seg på i ulike samandrag, og konkurrere i ei eller fleire greiner. Dei som tevlar om tittelen som Noregsmeistar for junior, senior og lag må konkurrere i både dressur, sprang og køyring. I tillegg vert det kåra eigne greinmeistrar i alle tre greinene for dei som er ekstra gode i ei grein. Ein har òg eigne samandrag for unge fjordhestar frå fire til seks år som vert kalla BUF (Beste unge fjordhest).

Noregsmeistrar 2016 – Grete Elise Sefland og Vesleljosen (junior) og Isabell Engjaberg Øye og Brautar (senior). (Foto: Inger Grønntun)

Askim Rideklubb har lang erfaring som stemnearrangør, og arrangerer i år sitt første NM for fjordhest. Norges Fjordhestlag er svært takksame for at aktive klubbar tek på seg å arrangere NM, og er trygge på at arrangøren kjem i hamn på ein god måte. Det er stas at eit moderne anlegg som Askim Hestesportssenter vil ta i mot fjordhesten og fjordhestfolket denne veka.

Styret i Norges Fjordhestlag er til stades under meisterskapen, og skal blant anna ha styremøte på stevnearenaen fredag.

Norges Fjordhestlag vil ynskje arrangørklubb og alle startande ekvipasjar lukke til med Norgesmeisterskapen!

Har du ikkje høve til å vere til stades under årets NM, er det mange måtar å få med seg kva som skjer likevel. I Horsepro kan du sjå startlister, resultatlister og fortløpande resultat. På arrangøren si Facebook-side vert det også lagt ut mykje informasjon. På Norges Fjordhestlag sine nettsider og Facebook-side vil det kome oppdateringar og bilete kvar dag.