Og det hastar – søk no i haust! Norges Fjordhestlag har gjennom Barnas Fjordhestlag-satsinga fått tildelt 322 637 kroner frå ordninga Frifond organisasjon. Dette er pengar vi kan få kvart år til aktivitetar ute i lokallaga – dersom de treng pengane!

Dette vil i praksis seie at alle aktive lokallag rundt om i Norge kan søke om tildeling, dersom de har aktivitetar for born og unge i dykkar lag. Barnas Fjordhestlag-aktivitetar kan vere alt frå kosekveld i stallen til rideturar, fjelldag, kanefart, mønstringskurs, bli kjent med føll-kveld, stallstevne og andre tiltak der born og fjordhesten kan møtast. Her er det fantasien som set grensene, men tryggleik og trivsel vil alltid vere det viktigaste. Aktivitet som involverer barn og unge er miljøskapande og kjekt, og ikkje minst er det viktig rekrutteringsarbeid, noko som er med på å sikre fjordhesten si framtid.

Norges Fjordhestlag har arbeidd ei stund for å bli godkjent som mottakar av frifondmidlar. Desse midlane får vi berre dersom vi kan vise til at lokallaga har brukt pengane slik dei er tenkte – til trygg og sunn aktivitet for barn og unge. Vi er opptekne av at terskelen for å få i stand aktivitet skal vere låg. Lokallaget står fritt til å komme med gode idear.

Lokallaga kan søkje om tre ulike former for støtte: Driftstilskot, prosjekttilskot og oppstartstilskot for nye lag. Det er mogleg å søkje om både tilskot til drift og prosjekt same tilskotsår. Sjå nærare retningslinjer for søknad på fjordhest.no (Fjordhestportalen). Det er også krav til rapportering frå lokallaga i etterkant av aktiviteten.

Søknadsfristen for å søkje midlar i 2017 er sett til 1. oktober.

Styret

    Norges Fjordhestlag sine retningslinjer for bruk av Frifondmidlar til barn og ungdom

    Norges Fjordhestlag har i 2016 skipa Barnas Fjordhestlag. Formålet er at Norges Fjordhestlag gjennom Barnas Fjordhestlag skal skape tilbod og aktivitet for born der dei møter fjordhesten i trygge omgjevnader. Norges Fjordhestlag vil nytte Frifondmidlar til aktivitetar på lokalplan over heile landet.

    Norges Fjordhestlag ønskjer å støtte og stimulere til aktivitetar og arrangement i lokallaga for sine ungdomsmedlemar under fylte 26 år og til medlemar i Barnas Fjordhestlag. Lokallaga søkjer Norges Fjordhestlag om godkjenning av aktivitetane i forkant av arrangementa.

    Tildeling av midlar er etter Frifond sine retningslinjer. Ein kan gje støtte til særskilde utgifter for barn og unge med spesielle behov for å delta.

    Det er ikkje høve for lokallaga å tene pengar på aktiviteten med barn/ungdom og hest som får tildelt frifondmidlar.

    Hesteaktivitetane skal vere tufta på tryggleik og kompetanse i alle ledd.

    Frifondmidlar skal kanaliserast direkte ut til aktivitetar lokalt over heile landet. Desse midlane skal ikkje brukast til administrasjonskostnader.

    Norges Fjordhestlag fører rekneskap over prosjektmidlane, dokumenterer korleis støtta er brukt og rapporterer bruken av midlane på nyåret til LNU.

    Praktisk informasjon:

    Kven kan søkje om frifondmidlar gjennom Norges Fjordhestlag?

    Lokallag som er tilknytt Norges Fjordhestlag kan søkje om frifondtilskot.

    Lokallaget må oppfylla følgjande krav:

    – Laget må ha gjennomført årsmøte for føregåande år

    – Laget må ha betalt kontingent til Norges Fjordhestlag for søknadsåret.

    – Laget må ha minimum 6 teljande medlemmer under 26 år i Norges Fjordhestlag eller Barnas Fjordhestlag. Merk at det er betalande medlemmer i landslaget med adresse i gjeldande region som er teljande, og ikkje medlemmar på lokallaget si eiga medlemsliste. Lister over medlemmer i NFL/BFL kan ein få tilsendt ved henvendelse på e-post til: post@fjordhest.no.

    Søknadsfristen er 1. oktober 2017. Laga sender søknad om frifondtilskot til NFL si e-postadresse post@fjordhest.no. Som vedlegg til søknaden må laget sende inn årsmelding og rekneskap for føregåande år.

    Aktuelle skjema finn du her:

    Søknadsskjema

    Rapporteringsskjema

    Rapportering

    Rapportering skjer på eige skjema innan 01.05.2018. Årsmelding og rekneskap for lokallaget skal sendast som vedlegg til rapporten.

    Lokallaga må bruke midlane innan 01.05.2018. Lokallaga må sende rapport om at tildelte midlar frå året før er brukt opp, før eventuelt nytt tilskot kan utbetalast. 
Dersom lokallaget ikkje har brukt midlane i løpet av denne perioden, må NFL varslast om dette, og midlane betalast tilbake. Dersom laget ikkje brukar midlane til lokal aktivitet for barn og unge, kan NFL krevje midlane tilbakebetalt.

    Tildeling

    Prosjektmidlar og støtte til nyetablering tildelast etter søknad og fordelast ut frå tilgjengelege midlar det aktuelle året. Eventuell klage på tildeling av midlar sendast skriftleg til styret i Norges Fjordhestlag til post@fjordhest.no. Klagefristen er 14 dagar etter kunngjering av tildelt tilskot.

     

     

     

    Share This